ID 2332 Vernepleiar/sjukepleiar i avdeling Kåreviksmarkjo - Eining for habilitering
Stord kommune
Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vernepleiar
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. juni
Hausten 2025 skal Stord kommune opne eit nytt bufellesskap for personar med funksjonsnedsettingar i Kåreviksmarkjo. Her skal det bu 7 aktive, unge menneske som treng bistand i kvardagen.
Me ønskjer å setja saman eit godt lag av tilsette som vil vere med å bygge opp ei ny avdeling. Me treng tilsette med ulik kompetanse og erfaring. Stillingane er i turnus med ein stor del kveldsvakter og vil ha arbeid anten kvar tredje eller kvar fjerde helg.
Avdelinga har ledig fast 100% stilling for vernepleiar eller sjukepleiar, med arbeid kvar tredje eller kvar fjerde helg.Stillingsstorleiken kan tilpassast ved behov.
FAGKOORDINATOR HAR:-
Fagleg ansvar i avdelinga
-
Ansvar for at det blir gjennomført observasjon og kartlegging av funksjonsnivå og laga mål og tiltak etter desse
-
Ansvar for å evaluera mål og tiltak
-
Ansvar for legemiddelhandtering og opplæring
-
Tett samarbeid med primærkontakt og følgja opp/medverka i primærkontakt oppgåver
-
Rettleia anna personale i faglege og etiske spørsmål. Blant anna om tvang og makt etter Helse- og omsorgstenestelova kap. 9, og Lov om pasient- og brukarrettigheter, kap. 4 A.
-
Førebygga og identifisera bruk av tvang og makt i miljøarbeidet
-
Ansvar for utforming og oppfølging av tvangsvedtak
-
Motivera og rettleia studentar, lærlingar og nye tilsette
-
Sørgja for presis og utfyllande dokumentasjon, og rettleia anna personale i høve dokumentasjon.
-
Kjenna til og bruka avdelinga sine prosedyrar, og gjera dei kjent for andre medarbeidarar
-
Norsk autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar. Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg. Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting. miljøterapi, rettleiingspedagogikk, psykisk helsearbeid m.m.) er ein fordel.
-
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg.
-
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
-
Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
-
Eit positivt og godt arbeidsmiljø med spennande arbeidsoppgåver
-
Engasjerte kollega med ulik erfaring og kompetanse
-
God opplæring og oppfølging
-
Inkluderande arbeidsmiljø - IA bedrift
-
Bedriftshelseteneste
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av diverse utstyr
-
Lønn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
-
Offentlig tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson; Avdelingsleiar Tonje Halstensen Brørvik, tlf 984 74 607 eller einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 975 52 097
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein stolt industrikommune i Vestland med over 19 000 innbyggjarar. Me er ein <<liten by for det heilt store>>! Her er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv, kulturliv og frivillig sektor. Stord kommune ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland. Kommunen er ein kompakt vekstkommune som legg til rette for framtidas næringsliv, heiar på samskaping og samarbeid, satsar på inkluderande fellesskap og grøn byutvikling, og ynskjer å forvalta våre natur- og friluftsområde og den nære strandsona til beste for fellesskapet.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
44f0829b-a8ea-4d13-a64f-f60601119745