Innholdsprodusent - korttidsengasjement
Kriminalomsorga si høgskole og utdanningssenter KRUS
Solheimsgaten 21, 2000 Lillestrøm
Om jobben
- Stillingstittel
- Innholdsprodusent - korttidsengasjement
- Type ansettelse
- Engasjement, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 16. juli
Om stillinga
Høgskolen og utdanningssenteret til kriminalomsorga KRUS har fått i oppdrag å utvikle eit digitalt opplæringsprogram: «Beslutningskompetanse i møte med sårbare menneske». Kompetansetiltaket skal styrkje dei tilsette i kriminalomsorga i deira evne til å vurdere, grunngje og dokumentere avgjerder i møte med sårbare innsette.
Vi søkjer derfor ein innhaldsprodusent som i løpet av hausten skal sluttføre eit pågåande utviklingsprosjekt. Prosjektet skal resultere i eit publisert opplæringsprogram. Oppdraget har eit tydeleg og avgrensa mandat og blir gjennomført i tett samarbeid med dei fagansvarlege ved senteret.
Stillinga er eit korttidsengasjement på tre månader frå høsten 2026, med moglegheit for forlenging ved behov.
Arbeidsoppgåver
- Utvikle, produsere og ferdigstille digitalt undervisningsmateriell i samarbeid med fagtilsette, spesielt på DFØ sin Virksomhetsplattform
- Opplæring og rettleiing i digital formidling, samt system og verktøy for digital undervisning
- Redigere og kvalitetssikre digitalt undervisningsmateriell i samråd med fagtilsette
- Inspirere fagtilsette til å lage kreativt undervisningsmateriell som gir godt læringsutbyte
Utdanning og erfaring
Du må ha:
- relevant høgskule- eller universitetsutdanning på bachelornivå
- kompetanse i produksjon og redigering av digital undervisning
- erfaring med relevante system og verktøy, til dømes nettbaserte læringsplattformer (LMS), verktøy for filmproduksjon eller podkast
- erfaring med produksjon av læringsinnhald på DFØ si statlege verksemdsplattform (Virksomhetsplattformen)
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
I tillegg er det ein fordel om du har:
- erfaring frå eller kjennskap til kriminalomsorga
- erfaring med bruk av Canvas eller liknande system
- kjennskap til UX/digital design
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein kreativ og motivert person som er nyfiken på ny teknologi og oppteken av å halde deg fagleg oppdatert. Du trivst med å jobbe i team og samarbeider godt med andre på tvers av ulike fagområde. Samstundes evnar du å jobbe sjølvstendig, tek ansvar ved å vise initiativ og har stor arbeidskapasitet.
Vi tilbyr
- Moglegheit til å påverke utviklinga av digital læring i kriminalomsorga
- Eit inkluderande arbeidsmiljø med høgt fagleg engasjement
- Mellombels stilling som rådgivar kode 1434 med løn frå kr 600 000–680 000. Frå løna blir det trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg godt kvalifiserte kandidatar kan høgare løn vurderast.
- Stillinga er eit mellombels engasjement på tre månader frå høsten 2026, med moglegheit for forlenging
- Fleksibel arbeidstid og moglegheit for heimekontor
- Gode pensjons- og forsikringsordningar og moglegheit for bustadlån i Statens pensjonskasse
- Kantine, godt utstyrt treningsrom og trening i arbeidstida
- Sentral plassering, med fem minutt gange frå Lillestrøm stasjon
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Høgskulen og utdanningssenteret til kriminalomsorga KRUS er ein del av kriminalomsorga, og den einaste høgskulen som utdannar fengselsbetjentar i Noreg. KRUS har ein leiande posisjon i Skandinavia innan forsking på kriminalomsorg og straffegjennomføring.
Ei av høgskulen sine hovudoppgåver er å bidra til kvalitet i kriminalomsorga gjennom utvikling og formidling av kompetanse innan straffegjennomføring. Vi tilbyr studium innan straffegjennomføring, driv forskings- og utviklingsarbeid og er kriminalomsorga sitt kompetansesenter. Fagfeltet er tverrvitskapleg og omfattar mellom anna kriminologi, sosiologi, filosofi, juss, psykologi, psykisk helsearbeid, sosialt arbeid og tryggleiksfag.
Sommaren 2025 kom stortingsmeldinga «Straff som verkar», som legg føringar for studietilbodet ved høgskulen. Vi skal tilby ei treårig bachelorutdanning frå hausten 2027, og vi er no inne i ei tid der akkreditering og ramme- og studieplanar blir utarbeidde.
Kriminalomsorga består, i tillegg til KRUS, av fem regionar med om lag 60 lokale fengsel og friomsorgskontor, samt Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI).
Etaten har ansvar for både gjennomføring av straff i fengsel og i samfunnet gjennom friomsorga. Arbeidet byggjer på individuell tilrettelegging, rehabilitering og tett samarbeid med andre offentlege aktørar.
Samfunnsoppdraget vårt er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er trygg for samfunnet og som motverkar straffbare handlingar. Målet er at den domfelte etter endt soning vel å leve eit liv utan kriminalitet. Dette speglar seg i visjonen vår «Straff som endrar», med tilhøyrande verdiar: tryggleik, openheit og nytenking. Visjonen og verdiane er førande for åtferda og arbeidet vårt som organisasjon.
KRUS har ei spennande tid framfor seg og ser etter fleire motiverte kollegaer. Les meir om korleis det er å jobbe hos oss her!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
43dff937-a389-4ec1-879a-e1a08bc82b4c
- Sist endret
2. juli 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10302219