Hopp til innhold

Overlege/spesialist i psykiatri ved  Psykiatrisk akuttmottak

Arbeidsgiver

Avdeling PAM, Helse Bergen HF, Divisjon psykisk helsevern

Sted

Sandviksleitet 1, 5036 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Overlege Psykiatrisk akuttmottak
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 10. juni

Psykiatrisk akuttmottak (PAM), i dag lokalisert på Sandviken, er ei av fem avdelingar i Psykiatrisk klinikk. Divisjon Psykisk helsevern. Psykiatrisk klinikk er i stadig utvikling og har som ambisjon å vere eit fyrtårn innan psykisk helsevern. Kvalitet i behandling og pasienttryggleik, og eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø er sentralt i arbeidet vårt. 

PAM har øyeblikkelig hjelp-ansvar for sjukehusfunksjon innan psykisk helsevern for vaksne i heile opptaksområdet til Helse Bergen. Tilbodet i PAM består i dag av to sengepostar med 10 senger kvar som tilbyr akutt psykiatrisk vurdering, diagnostisering, behandling og pleie til personar over 18 år. Opphald i PAM er av kort varigheit, pasientar blir etter endt opphald overført til andre sjukehusavdelingar eller utskriven med oppfølging frå eit distriktspsykiatrisk senter eller frå kommunehelsetenesta. Psykiatrisk klinikk har lagt til rette for samarbeid og faglege drøftingar. Det er høg kompetanse ved klinikken og fleire av dei tilsette har ulike vidareutdanningar. Det er regelmessig internundervising, faste faglege forum/spesialistforum der faglege problemstillingar og pasientforløp blir drøfta.

PAM er i ei spennande utvikling med planar for etablering av eit felles mottak for psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) i Årstadhuset på Haukeland i 2030.

Vi har no ledig 100% fast stilling som overlege/spesialist i psykiatri ved PAM. Du vil jobbe tett i tverrfaglege team saman med andre overleger, psykologspesialist, lege i spesialisering, psykiatrisk sjukepleiar, vernepleiar og sosionom. Aktuelle kandidatar må ha vedtakskompetanse etter psykisk helsevernloven og personleg eignaheit vil bli vektlagt. 


Arbeidsoppgåver

  • Vurdering, diagnostisering og behandling av pasientar med ulike lidingar
  • Handtere tvang i samsvar med lovverket
  • Medverke til å utvikle eit trygt og godt fagleg felleskap 
  • Rettleiing og kunnskapsformidling internt og eksternt
  • Samarbeid i tverrfagleg team

Kvalifikasjonar

  • Norsk spesialistgodkjenning i psykiatri
  • LIS 3 som har mindre enn 12 måneder igjen av klinisk tjenestetid kan også søke
  • Erfaring frå spesialisthelsetenesta
  • Erfaring frå tverrfagleg  samarbeid internt og eksternt
  • Erfaring med døgnbehandling
  • Erfaring med forbetringsarbeid
  • Det er ønskeleg med akuttpsykiatrisk erfaring
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare

Personlege eigenskapar

  • Du er prosess- og løysingsorientert
  • Du skapar gode relasjonar og samhald 
  • Du er  inkluderande og involverande 
  • Du tåler å stå i krevande situasjonar 
  • Du arbeider planmessig og strukturert 
  • Du kan ta avgjerder som er til det beste for pasienten og det samla tenestetilbode

Vi tilbyr

  • Fagleg og personleg utvikling i eit arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente medarbeidarar
  • Krevande og spennande arbeidsoppgåver 
  • Lønn etter avtale

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Merethe Fosse, Avdelingssjef, merethe.fosse@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Sandviksleitet 1
5036 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5137610540
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Merethe Fosse

Avdelingssjef

merethe.fosse@helse-bergen.no

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

439ec74d-0713-459d-820b-8bddbed7eca5

Sist endret

1. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

b16f82b75e624ebbb6e87c0a652060c3

Lignende annonser

Laster lignende annonser