Hopp til innhold

SFO-leder

Arbeidsgiver

Emblem skule

Sted

Markastien 15, 6013 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
SFO-leder
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest fredag 24. april

Vil du vere med og utvikle eit trygt, inkluderande og meiningsfullt tilbod for barna ved Emblem SFO? Vi søkjer ein tydeleg, engasjert og relasjonssterk SFO-leiar som kan leie og vidareutvikle SFO i tett samarbeid med skulen si leiing og dei tilsette. 

SFO-leiar har ansvar for å sikre at skulefritidsordninga blir driven i tråd med nasjonale og lokale føringar. Du vil ha ansvar for dagleg drift, pedagogisk innhald, personaloppfølging og samarbeid med heimane. SFO-leiar samarbeider med skulen si leiing i aktuelle saker og rapporterer til verksemdsleiar. 

Ein del av stillinga er knytt til arbeid i skulen og inneber elevretta arbeid for å fremje trivsel, inkludering og eit trygt og godt skulemiljø. 


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere: 

  • Planlegge,organisere og leie den daglige driften av SFO 
  • Pedagogisk ansvar for innholdet i SFO med fokus på leik, læring og fysisk aktivitet 
  • Delta aktiv i barna sin SFO-kvardag 
  • Ansvar for eit godt samarbeid med heimane 
  • Miljøarbeid i skulen 

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som har: 

  • Godkjent pedagogisk kompetanse, minimum bachelor
  • Erfaring frå leiing i SFO, barnehage eller liknande verksemd 
  • God forståing for arbeid med barn, relasjonar og inkluderande fellesskap

Det er ønskeleg at du har:

  • erfaring med personalleiing 
  • kjennskap til relevante regelverk og rammer for SFO 

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • har gode leiareigenskapar 
  • samarbeider godt og er løysingsorientert 
  • er oppteken av at barna skal ha ein trygg, god og meiningsfull dag på SFO 
  • er strukturert, tydeleg og fleksibel 

Personlege eigenskapar blir lagt vekt på.

Vi tilbyr

  • Eit spennande og meiningsfullt leiaroppdrag 
  • Høve til å vere med og utvikle SFO-tilbodet ved skulen 
  • Samarbeid med engasjerte kollegaer og skuleleiing 
  • Deltaking i faglege nettverk i kommunen
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk 

Kontaktinformasjon

Jorun P F Sundklakk, Verksemdsleiar /Rektor, 70 16 51 01

Arbeidsstad

Markastien 15
6013 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune

Referansenr.: 5108668510
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Jorun P F Sundklakk

Verksemdsleiar /Rektor

70 16 51 01

Om bedriften

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4385bd53-ff6b-4fb7-922e-9512a4baccdf

Sist endret

10. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

8ff49a67bb554c8d9d47881dcf8fe3cd

Lignende annonser

Laster lignende annonser