Hopp til innhold

Ph.d.-stipendiat i seismologi

Arbeidsgiver

Universitetet i Bergen

Sted

Christiesgt. 18, 5020 Bergen, Allégaten 41, 5007 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Ph.d.-stipendiat i seismologi
Type ansettelse
Åremål, heltid 100%
Arbeidsspråk
Engelsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 14. april

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Stipendiat i seismologi

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i seismologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.


Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Målet med dette prosjektet er å utvikle og ta i bruk nyskapande seismologiske modellerings- og inversjonsteknikkar for global og regional seismologi.

Gangtidstomografi, på regional og global skala, har vore eitt av dei viktigaste verktøya for å fastsetje jordas fartsstruktur. Mellom anna har gangtidstomografi vore svært vellukka i arbeide med å kartleggje storskala strukturar som subduksjonssoner og manteldiapirer. Likevel er oppløysinga i desse modellane framleis relativt avgrensa. Det er viktig å auke oppløysinga i tomografiske modellar, då dette kan gi betre innsikt i dynamikken og historia til jorda.

Å forbetre tomografiske modellar krev nyskapande metodar for databehandling og modellering. Denne stipendiatstillinga har som mål å utvikle metodar som plukkar gangtid automatisk, i staden for manuelt, ved å nytte maskinlæringsmetodar for å plukke relevante seismiske fasar, og bruke desse i tomografi med hjelp av raske og nøyaktige (an)isotrope modelleringsmetodar.


 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i geofysikk. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 01.07.2026. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå eller kompetanse innan stråleteoretisk modellering er eit krav.
  • Erfaring frå eller kompetanse innan seismisk inversjon og/eller gangtidstomografi er eit krav.
  • Erfaring frå eller kompetanse innan programmering (til dømes Matlab eller Python) er eit krav.
  • Erfaring frå eller kompetanse innan maskinlæring er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. 


For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.


Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. 
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
  • relevante attestar.
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet).
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer).

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. 


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til førsteamanuensis Henk Keers, Institutt for geovitenskap, henk.keers@uib.no / +47 55588748 eller professor Atle Rotevatn, atle.rotevatn@uib.no / +47 55583390.

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Mathilde Høgalmen, mathilde.hogalmen@uib.no.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.       


Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5

Kontaktpersoner for stillingen

Henk Keers

Førsteamanuensis

+47 55588748

henk.keers@uib.no

Atle Rotevatn

Professor

+47 55583390

atle.rotevatn@uib.no

Om bedriften

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

436fa492-d012-4573-84b3-98ab09283673

Sist endret

24. mars 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10288439

Lignende annonser

Laster lignende annonser