Medisinskfagleg rådgjevar
Stad kommune v/ Interkommunale helsetenester og Stad legeteneste
Sjukehusvegen 14, 6770 Nordfjordeid
Om jobben
Stillingstittel
Medisinsk fagleg rådgjevar
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. august
Stad kommune har ledig 50 % fast stilling som medisinskfagleg rådgjevar frå 01.09.2025.
Stillinga er delt mellom to arbeidsområde: 40 % er knytt til Interkommunale helsetenester (IKHT), og 10 % til Stad legeteneste.
Interkommunale helsetenester (IKHT) er eit samarbeid mellom kommunane Kinn, Stryn og Stad, der Stad kommune er vertskommune. Tenesta omfattar tre avdelingar: legevakt, legevaktformidling og Øyeblikkeleg hjelp døgneining (ØHD). Tenesta er lokalisert ved Nordfjord sjukehus.
Legetenesta i Stad kommune består av Eid legekontor og Selje legekontor, med totalt 12 fastlegar. Hovudoppdraget til legetenesta er å sikre at innbyggjarane får tilgang til kvalifisert medisinsk diagnostikk, rådgjeving og behandling ved akutt sjukdom eller skade, eller ved forverring av eksisterande helsetilstand – situasjonar der medisinsk hjelp kan vere avgjerande for liv og helse.
Vi søkjer ein medisinskfagleg rådgjevar som er motivert for å utvikle tenestene i tråd med nasjonale krav og forskrifter. Rådgjevaren har, i samarbeid med leiarane, ansvar for at legetenestene oppfyller gjeldande lovverk og kvalitetskrav. Stillinga inneber tett samarbeid med fastlegane og kommuneoverlegane i dei tre samarbeidskommunane, samt med helseføretaka, med mål om å sikre gode og saumlause tenester for innbyggjarane.
Arbeidsoppgåver
Interkommunale helsetenester
- Fortløpande medisisnsk fagleg og strategisk rådgjeving overfor einingsleiar og kommunalsjef
- utvikling og kvalitetssikring av rutinar og prosedyrar i samarbeid med einingsleiar
- Bidra til fagleg utvikling og organisering ved legevakt og ØHD
- Bidra til stabil bemanning og rett kompetanse i legevakt
- Bidra til informasjonsarbeid om legevakta overfor fastlegar og andre samarbeidspartar
- Delta i styringsgruppemøte for dei Interkommunale helsetenestene og i samhandlingsmøter med helseføretak og andre samarbeidspartar
- Delta i akuttmedisinsk samhandlingsforum
- Følge opp klagesaker og avvik
- Bidra til gjennomføring av legevaktseminar kvart halvår
- Delta i legevaktberedskapen for Nordfjord legevakt
Stad legeteneste
- Fortløpande medisinskfagleg og strategisk rådgjeving overfor avdelingsleiarar, einingsleiar og kommunalsjef
- Utvikling og kvalitetssikring av rutinar og prosedyrar i samarbeid med avdelingsleiarar, einingsleiar og fastlegekollegiet
- Bidra til fagleg utvikling og organisering i legetenesta
- Bidra til stabil bemanning og rett kompetanse i legetenesta
- Samarbeide med kommuneoverlege i vekslingsfeltet mellom legetenesta og samfunnsmedisinske fagområde
- Varafunksjon for kommuneoverlege i beredskapsoppgåver som t.d. smittevern
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- spesialistgodkjenning i allmennmedisin eller starta i spesialiseringsløpet i allmennmedisin
- Erfaring som lege blir vektlagt
- Erfaring frå prehospitale tenester og interesse for fagutvikling i akuttmedisin
- Svært god norskkunnskap skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du har gode kommunikasjonsevner og relasjonskompetanse
- Du arbeider systematisk og strukturert
- Du er fagleg engasjert og har fokus på framtidsretta utvikling av tenesta
- Du er fleksibel og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Godt arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Informasjon om pensjons- og forsikringsordningane til Stad kommune finn du her.
Stad kommune har seks månader prøvetid. Vi ber om at du lastar opp vitnemål og arbeidsattestar saman med søknaden.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentleg sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med einingsleiar Grete Aud Totland.
Kontaktinformasjon
Grete Aud Totland, einingsleiar Interkommunale helsetenester, +47 95819005, grete.aud.totland@stad.kommune.noBarbro Longva, kommunalsjef helse og omsorg, +47 92855900, barbro.longva@stad.kommune.no
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 146770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 4989229058
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Grete Aud Totland
einingsleiar Interkommunale helsetenester
+47 95819005
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
https://www.nordfjord.no/stad
https://www.einstadistad.no/
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
435a01f9-729a-42ad-8d92-b5532f609149
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c689c04f9728438c8dfb983fdadfffc5