Instruktørtannlege (20 %, vikariat) ved Institutt for klinisk odontologi, Seksjon for pedodonti
Universitetet i Bergen
Årstadveien 19, 5009 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Instruktørtannlege (20 %, vikariat) ved Institutt for klinisk odontologi, Seksjon for pedodonti
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 31. juli
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAInstruktørtannlege (20 %, vikariat)
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig eit vikariat som instruktørtannlege (20 %), med tilsetjing frå 10. august 2026 fram til 11. juni 2027. Arbeidsplass er for tida ved Seksjon for pedodonti. Ved særskilde høve kan det vere mogleg å dele stillinga.
Den som vert tilsett må rekne med å gjere teneste ved andre seksjonar ved behov.
Ved tilsetting vert det kravd politiattest etter helsepersonelloven §20 a).
Arbeidsoppgåver:
Arbeidet omfattar klinisk og teoretisk undervisning av kandidatar og studentar, behandling av institusjonen sine pasientar, og rettleiing og vurdering av studentar både praktisk og teoretisk. I tillegg kan det vere aktuelt å vere med på å utvikle instituttet ved deltaking i prosjekt og utval. Det vil vere mogleg å delta i faglege fora.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannlege ved tilsetjingsdato. Det er krav om to års erfaring frå barnetannpleie i nordiske land. Det er ønskeleg med erfaring med undervisnings– eller rettleiingserfaring.
Den som vert tilsett må ha gode kunnskapar i norsk, kunne arbeide sjølvstendig, verdsette og like å arbeide med barn, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurdering av søkjar vil personlege eigenskapar verte vektlagd. Lystgasslisens er ønskeleg.
Undervisningsspråket er til vanleg norsk.
For stillingane gjeld Retningslinjer for stilling som instruktørtannlege ved Universitetet i Oslo og Bergen.
Vi tilbyr:
- Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Løn for tida kr 730 000 (kode 1015) i lønsregulativet i staten. For søkjar med spesial-/spesialistkompetanse er løn for tida kr 770 000 (kode 1353). For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
- Oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
- Kopi av vitnemål, autorisasjon og relevante attestar
- Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språk
- To referansar (namn og kontaktinformasjon
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Athanasia Bletsa, Seksjon for pedodonti, e-post: nancy.bletsa@uib.no eller overtannlege Astrid Halle, Seksjon for pedodonti, e-post: astrid.halle@uib.no
Ved tilsetjing må politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader leggjast fram, etter helsepersonelloven §20 a
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Universitetet i Bergen treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Retningslinjer for arbeidstøy ved Odontologisk universitetsklinikkOdontologisk Universitetsklinikk ved Universitetet i Bergen følgjer «Faglige anbefalinger for smittevern i klinisk odontologisk praksis», som er utarbeidd av universiteta i Oslo, Tromsø og Bergen i samarbeid med Kompetansesentret for dekontaminering ved OUS, Den Norske Tannlegeforening (NTF), Helsedirektoratet, og Folkehelseinstituttet.
- Tilsette og studentar bruker arbeidstøy under arbeid i Ferdighetsenteret og i klinikkane.
- Arbeidstøyet består av klinikkbukser og kittel med kort erme for å sikre adekvat handhygiene.
- Religiøse hovudplagg og operasjonshette/lue som vert brukt i klinikken vert rekna som arbeidstøy, og følgjer reglar for arbeidstøy.
- Alt arbeidstøy tilhøyrer Odontologisk Universitetsklinikk, og tøyet vert lånt ut til tilsette og studentar.
Meir informasjon om smittevernpraksis ved Odontologisk Universitetsklinikk, Universitetet i Bergen, finn du her: Smittevern og HMS ved Institutt for klinisk odontologi | UiB
Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du verte positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
423eafe3-def7-4120-ade3-fc2bb7d0643e
- Sist endret
19. juni 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10300449