Seniorrådgiver
Tolletaten
5037 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Seniorrådgiver
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 2. desember
Tolletaten har ei viktig rolle som samfunnsbeskyttar. Samfunnsoppdraget vårt er like enkelt som det er viktig: å sikre at varene som kryssar Noregs grenser til sjøs, på land og i lufta, er trygge og lovlege. Tolletaten er i utvikling og har ein høg endringstakt, særleg innanfor digitalisering.
Vareførselsdivisjonen (VD), som er etablert med hovudkontor i Bergen, skal leggje til rette for korrekt og effektiv inn- og utførsel av varer for både næringslivet og privatpersonar. Divisjonen er i gang med fleire endrings- og utviklingsprosjekt.
Regelavdelinga består av seks seksjonar, der kvar seksjon har nasjonalt fagansvar for sitt område. Avdelingsdirektør og juridisk seksjon held til i Bergen, medan dei fem andre seksjonane er lokalisert i Trondheim, Kristiansand og Oslo. Hovudoppgåva til Regelavdelinga er å handheve og utvikle regelverk og prosedyrar innan registrert vareførsel. I tillegg skal avdelinga bidra til etterleving av lovar og reglar grensekryssande vareførsel, gjennom tverrfagleg samarbeid og brei bruk av verkemiddel.
Vi søkjer etter ein utviklingsorientert jurist med god kompetanse innanfor Vareførselsdivisjonens fagområde. Du skal bidra til å sikre høg kvalitet i avdelinga sitt fagområde og vil vere ein viktig støttespelar for leiinga. I samarbeid med leiargruppa skal du handtere komplekse og krevjande saker. Du skal vere ein pådrivar for vidareutvikling, meir effektiv drift og implementering av endringar. For å lukkes med fleire av oppgåvene til stillinga, er det viktig med solid juridisk kompetanse.
Stillingen er nyoppretta og blir organisert under juridisk seksjon. Du vil rapportere til avdelingsdirektør. Du vil være høve til å forme og videreutvikle innhaldet i stillinga.
Sentrale arbeidsoppgåver:
Ein må rekne med noko reising.
Dine kvalifikasjonar:
Det er en fordel med erfaring fra:
Dine eigenskapar:
Vi legg stor vekt på personlege eigeskapar
Vi tilbyr:
Til deg som søker jobb i Tolletaten
Vi nyttar Semac bakgrunnssjekk i samband med våre tilsetjingar.
Du må fylle ut felta «Utdanning» og «Arbeidserfaring» og laste opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
I Tolletaten meiner vi at mangfald og inkludering er ei styrke, og vi har nulltoleranse for trakassering og diskriminering. Vi er avhengige av medarbeidarar med ulik bakgrunn, kompetanse og erfaringar for å løyse vårt samfunnsoppdrag. Dersom du har hol i CV-en, funksjonsnedsetting eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg til å krysse av for dette då du kan ha rett til positiv særbehandling. Les meir om dette på arbeidsgivarportalen.

- vere støtte for avdelingsdirektør og leiergruppa i Regelavdelinga innanfor heile avdelinga sitt ansvarsområde
- vere ein pådrivar for fagleg utvikling innan avdelinga, leie utgreiningar, prosjekt og arbeidsgrupper, og ha et sjølvstendig ansvar for leveransar
- kvalitetssikring innan avdelinga sitt fagfelt. Identifisere behov for og utgreie prinsipielle regelverksavklaringar i avdelinga og divisjonen
- yte juridisk bistand til Vareførseldivisjonen og andre deler av Tolletaten innenfor vareførselsfaget
- representere Regelavdelinga i møte med næring og næringslivsorganisasjonar. Undervisning/ føredrag må påreknas
Ein må rekne med noko reising.
Dine kvalifikasjonar:
- fullført mastergrad i rettsvitskap
- kompetanse innanfor Vareførseldivisjonen fagområde vil være ein fordel
- relevant erfaring, og kan vise til konkrete resultat i utvikling- og/eller forbetringsarbeid
- svært god juridisk metode og godt juridisk skjønn
- svært god skriftleg og munnleg norsk, og god munnleg og skriftleg engelsk
- god digital kompetanse
Det er en fordel med erfaring fra:
- internasjonal rett og EØS-rettslege spørsmål
- rettleiing og undervisning
- næringslivsdialog
Dine eigenskapar:
- høg integritet og eit sterkt fagleg engasjement
- ein strukturert, grundig og effektiv arbeidsstil – du sikrar fremdrift og gjer gode prioriteringer
- evne til å vere ein god rollemodell både for seksjonen og etaten
- gode samarbeidsevner, som bidreg til å løfte andre – du er inkluderande og omgjengelig
- tryggleik, robustheit og handlekraft i møte med krevjande oppgåver
Vi legg stor vekt på personlege eigeskapar
Vi tilbyr:
- spennande og varierte arbeidsoppgåver i ei nyoppretta stilling
- moglegheit til å forme rolla, og utvikle deg videre i ei ny og viktig stilling
- eit tverrfagleg arbeidsmiljø med engasjerte kollegar
- fleksitid og høve for bevegelse i arbeidstida (BiA - ein time i veka)
- stilling som seniorrådgivar med løn frå 725 000- 825 000, avhengig av kompetanse og erfaring. For særleg godt kvalifiserte søkjare kan høgare løn vurderast
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar gjennom Statens pensjonskasse
- arbeidsstad i moderne kontorlandskap på Danmarksplass i Bergen, med tilgang til sykkelparkering, garderobar, treningsrom og ei veldriven kantine
Til deg som søker jobb i Tolletaten
Vi nyttar Semac bakgrunnssjekk i samband med våre tilsetjingar.
Du må fylle ut felta «Utdanning» og «Arbeidserfaring» og laste opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
I Tolletaten meiner vi at mangfald og inkludering er ei styrke, og vi har nulltoleranse for trakassering og diskriminering. Vi er avhengige av medarbeidarar med ulik bakgrunn, kompetanse og erfaringar for å løyse vårt samfunnsoppdrag. Dersom du har hol i CV-en, funksjonsnedsetting eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg til å krysse av for dette då du kan ha rett til positiv særbehandling. Les meir om dette på arbeidsgivarportalen.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
422562a2-072b-490e-89e9-36ed89a1316e
- Sist endret
18. november 2025
- Hentet fra
sap
- Referanse
1982
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Tolletaten
Sted
Bergen
Rådgjevar/seniorrådgjevar – jurist på sosialfeltet
Arbeidsgiver
Statsforvaltaren i Vestland
Sted
Leikanger, Bergen
Arbeidsgiver
Klagenemndssekretariatet
Sted
Bergen