Hopp til innhold

Vikariat sjukepleiar i Heimetenesta

Arbeidsgiver

Sveio kommune

Sted

Løkjavegen 35, 5550 Sveio

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Vikariat sjukepleiar i Heimetenesta
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Om stillinga

Er du sjukepleiar og lurer på om heimetenesta i Sveio kan væra noko for deg?

Blir du motivert av varierte arbeidsoppgåver, spennande kvardagar og trivs du med å utfordre deg sjølv og ofte lære noko nytt?

Då kan du få bli ein del av ei arbeidsgruppe som brenn for å sjå den enkelte pasient. Som ønsker å bety ein forskjell i andre menneskers liv, og som har høg yrkesstolthet og jobber etter kvardagsrehabiliterings prinsipper, men som også er bevisste på å gi mennesker ein verdig slutt på livet.

I tillegg til ein kjempekjekk arbeidskvardag får du dei kulaste kollegaene med det beste humøret på Haugalandet! Vi er kjente for å ha det kjekt på jobb. Koser oss når vi har mulighet, men også å stekke oss langt for å hjelpe hverandre når det trengs.

Vi har ledig vikariat frå dags dato tom 15.08.27.


Arbeidsoppgåver

  • I Heimetenesta jobbar me aktivt for at brukarane skal meistre å bu heima så lenge som mogeleg
  • Mange spennande faglege utfordringar i tenesta der brukarane har eit alderspenn frå 0-100 år
  • Heimetenesta arbeider tverrfagleg med andre einingar i kommunen som bl.a tenestekontor, psykisk helse, hjelpemiddel lager, fysio/ergo og sjukeheim
  • Sjukepleiar har ansvar for medisinskfaglege oppgåver
  • Sjukepleiar skal vera ein pådrivar for å leggje til rette og bidra til at brukarane opplev tryggleik og mestring
  • Rettleiing av sjukepleiarstudentar

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar, 3. års studentar oppmodast til å søkje
  • Personlege eigenskapar
  • Sertifikat klasse B
  • Godkjent politiattest

Personlege eigenskapar

  • Er fleksibel og løysingsorientert
  • Intiativrik
  • Du har god holdningar og verdiar som set pasientane i fokus
  • Har gode samarbeidsevner og kan arbeide sjølvstendig
  • Har evne til å sette fag, kvalitet og service i fokus
  • Ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og ein god læreplass for elever og studentar (framtidige kollegaer)

Vi tilbyr

  • Faste fagdagar og fagmøter
  • Årsturnus over 52 veker med planlagt ferie, høytid og helgearbeid
  • Dyktige kollegaer i godt arbeidsmiljø
  • Mulighet for vidareutdanning
  • God offentleg pensjonsordning
  • Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
  • Kommunale bilar
  • Bedriftshelsetjeneste
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Om bedriften

Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.

Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.

Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

41a9198c-75dc-41ca-adde-14fa10f94639

Sist endret

13. februar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10278655

Lignende annonser

Laster lignende annonser