Fagarbeidar
Austevoll kommune
Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagarbeidar
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 3. november
Om stillinga
Vi har ledig stilling som fagarbeidar/elevassistent i ulike rollar. Stillinga er fast.
Stillinga følgjer skuleåret på 38 veker + ei veke med felles planlegging. Det betyr at ein arbeider i 80% stilling i 39 veker med litt redusert løn, mot at ein får løn også i dei arbeidsfrie periodane når elevane ikkje er på skulen.
Ansvars- og arbeidsoppgåver- Arbeid med støtte til strukturering av skulearbeid og skulekvardag for enkeltelevar og/eller elevar i gruppe/klasse
- Arbeide i tett samarbeid med kontaktlærar, faglærar, andre elevassistentar og faggrupper på skulen
- Deltaking i team for fagarbeidarar/elevassistentar og oppfølging av skulen sine satsingsområde.
- Oppfølging av barn/ungdom med særskilte behov
Kvalifikasjonskrav
Formelle kvalifikasjonskrav- Fagbrev barne- og ungdomsarbeidar eller anna relevant utdanning
- God relasjonskompetanse
- Trygg og tydeleg i vaksenrolla
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Erfaring frå arbeid i ungdomsskulen og med elevar med særskilte behov, er ein fordel
- Søkjarar som ikkje er kvalifiserte kan bli tilsett midlertidig i eit år
- Du er fleksibel, løysingsorientert, endringsvillig og har godt humør
- Du har god samarbeids- og kommunikasjonsevne og bidreg til eit inkluderande arbeidsmiljø
- Du er ansvarsbevisst og trivs med sjølvstendige oppgåver og å jobbe i team
- Du er sjølvstendig og tar eigne initiativ for elevens beste
- Du er strukturert, systematisk og resultatorientert
Vi tilbyr
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søker du
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Om arbeidsstaden
Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelsa og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.
Austevoll ungdomsskule held til i nye flotte lokalar på Eidsbøen, like ved kommunesenteret Storebø. Vi legg vekt på eit godt samarbeid og evner til å skape gode relasjonar til elevar og tilsette. Vi er ein MOT-skule og utviklar robuste ungdommar som inkluderer alle. Vi får tilbakemeldingar på at vi har eit godt elev- og arbeidsmiljø og er ein skule som er utviklingsorientert. Skulen har i dag ca 45 tilsette og 250 elevar fordelt på 8.-10.trinn.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Austevoll er ei øygruppe og ein kommune Sør-Vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai.
Kommunen har eit folketal på ca 5.400 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 450 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4022dbc7-b966-48cd-b7ef-5d72c541ad84
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10266337