Avdelingsleiar innan habilitering
Austevoll kommune
Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø
Om jobben
- Stillingstittel
- Avdelingsleiar innan habilitering
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 23. november
Om arbeidsstaden
Helse og velferd er ein sektor med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidartenesta, NAV, psykisk helse og rus, kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg legge til rette med tenester tilpassa den enkelte sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Miljøarbeidartenesta gir praktisk hjelp, opplæring, avlasting og heimesjukepleie til personar med nedsett funksjonsevne.
Tenesta har i dag fleire område:
- samlokaliserte bustader med bemanning heile døgnet
- avlastningsbustad for barn og unge
- omsorgsbustader for vaksne knytt til avlastningsbustaden
- ambulerande tenester til personar med nedsett funksjonsevne
Om stillinga
Austevoll kommune søker ein engasjert og framtidsretta avdelingsleiar innan habilitering.
Vi er inne i ein spennande omorganisering og utviklingsprosess der vi bygger ein meir heilskapleg og robust organisasjon. Leiarstrukturen, rollene og fullmaktene er endra for å sikre betre samhandling, effektiv drift og utviklingskraft.
Som avdelingsleiar vert du ein sentral del av leiinga i tenesteområdet, og får eit særleg ansvar for å bidra til at kommunen når sine mål – frå plan til handling.
Avdelingsleiar vil ha ansvar for å følgje opp delar av eininga etter behov for delegering frå einingsleiar.
Funksjon og ansvarsområde vil bli nærare definert i samarbeid med einingsleiar og einingsleiar sine behov for delegering.
Du må rekne med å få:
- Personalansvar
- Økonomiansvar
- Ansvar for dagleg drift og administrative oppgåver
Stillinga inneber både drifts-, utviklings- og beredskapsansvar, og du skal bidra til å sikre kvalitet, kontinuitet og forbetring i tenestene.
Arbeidsoppgåver vil blant anna vere- Sikre stabil og kvalitativ drift gjennom gode system, rutinar og kontroll
- Bidra til utvikling, innovasjon og kvalitetsleiing i tenestene
- Ivareta personalleiing, oppfølging og kompetanseutvikling av tilsette
- Ansvar for budsjett, økonomistyring og rapportering
- Vere førebudd på og handtere beredskapssituasjonar
- Sikre god samhandling på tvers av avdelingar og einingar
- Bidra til samarbeid med eksterne aktørar for å løyse samfunnsoppdraget
- Delta aktivt i leiarnettverket og bidra til heilskapleg verksemdstyring
Kvalifikasjonskrav
Formelle kvalifikasjonskrav- Relevant høgskule- eller universitetsutdanning (helse- og sosialfag, leiing, administrasjon eller anna relevant fagområde)
- Ynskjeleg med leiarerfaring
- Erfaring fra arbeid innan habilitering
- God kjennskap til offentleg forvaltning og kommunal verksemd
- Erfaring med personalleiing og økonomistyring er ein fordel
- Gode samarbeidsevner, struktur og evne til å tenkje heilskapleg
- God digital kompetanse
- Førerkort kl B
- Gode norskkunnskaper, munnleg og skriftleg
- Internasjonale gradar må vere godkjent av Direktoratet for Høyere utdanning og kompetanse
- Tydeleg, tillitsskapande og imøtekomande leiarstil
- Evne til å motivere, utvikle og rettleie medarbeidarar
- Strategisk og analytisk tilnærming
- Evne til å balansere drift og utvikling
- Fleksibel, løysingsorientert og endringsvillig
Vi tilbyr
- Ei spennande leiarrolle i ein organisasjon i utvikling
- Moglegheit til å påverke framtida sine tenester innan habilitering
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Løn etter avtale
- Eit godt arbeidsmiljø prega av samarbeid, kompetanse og engasjement
Slik søker du
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Kontaktperson for stillingen
Linn-Beathe Suphammer
Leiar Miljøarbeidartenesta
+4798232951
Om bedriften
Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
Kommunen har eit folketal på om lag 5400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar.Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3ad97a12-4316-4743-bd4d-7f786c8bf85a
- Sist endret
29. oktober 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10268206
Lignende annonser
Miljøarbeidar innan habilitering
Arbeidsgiver
Austevoll kommune
Sted
Storebø
Assisterende avdelingsleder
Arbeidsgiver
Stord kommune
Sted
Stord
MIljøterapeut
Arbeidsgiver
Austevoll kommune
Sted
Storebø