Teneste til menneske med nedsett funksjonsevne
Øygarden kommune Teneste til menneske med nedsett funksjonsevne
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5353 Straume
Om jobben
- Stillingstittel
- Avdelingsleiar 100% fast
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest fredag 28. november
Vi søkjer ein engasjert og tydeleg leiar som vil vere med å utvikle og styrke tenestene ved Grønebakkane bustadar og Skogsvåg arbeids- og opplæringssenter. Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer å gjere ein forskjell ,kvar dag.
Kven er vi?
Eininga tenesta til menneske med nedsett funksjonsevne (MMNF) består av 10 bufellesskap/omsorgsbustadar med base og 3 arbeids- og aktivitetssenter. Vi gjer omsorg og oppfølging til menneske med nedsett funksjonsevne. Vi jobbar målretta for å skape ein aktiv og meiningsfull kvardag for kvar enkelt – med fokus på trivsel, sjølvråderett, tillit og meistring.
Grønebakkane bufellesskap/omsorgsbustadar og Skogsvåg arbeids- og opplæringssenter treng ny avdelingsleiar. Det er til saman 22 årsverk, fordelt på ulike kompetansar som sjukepleiar, vernepleiar, miljøterapeut. Deler av personalgruppa går i langvaktsturnus.
Arbeidsplassen ligg sentralt i Skogsvåg, med kort veg til offentleg transport og kommunedelsenter.
Som avdelingsleiar vil du inngå i einingsleiar si leiargruppe. Du vil ha ansvar for fag og personal for bustaden og arbeidssenteret. Andre støttefunksjonar som HR og lønn vil vere tilgjengeleg for deg. Stillinga har arbeidstid på 37,5 timar i veka inkludert betalt lunsj (fleksitid)
Kven er du?
- Du er ein leiar som brenn for å sikre gode tenester til menneske med utviklingshemming.
- Du ser moglegheiter der andre ser utfordringar og som evnar å inspirere og engasjere dei rundt deg.
- Du er strukturert, handlekraftig og har eit sterkt fagleg kompass. Du veit at god leiing handlar om å vere tett på – både menneske og prosessar.
Dine viktigaste oppgåver:
- Overordna ansvar for den daglege drifta både fag og personalansvar
- Dagleg ansvar for oppfølging av kapittel 9 i Helse- og omsorgstjenesteloven
- Leie, rettleie og følgje opp personalgruppa, samt iverksette og følgje opp faglege tiltak og vedtak.
- Leie, kvalitetssikre og utvikle det faglege arbeidet
- Legge til rette for å sikre eit godt samarbeid med kollegaer, tilsette, pårørande og andre samarbeidspartnar
- Ansvar for HMT, avvikshandtering og internkontroll
- Medansvar for økonomi og sikre god økonomistyring
- Kontinuerleg forbetringsarbeid
- Ansvar for turnusplanlegging
- Ansvar for legemiddelhandtering
- Rekruttering og kulturbygging
- Andre arbeidsoppgåver delegert frå einingsleiar
Kvalifikasjonar:
- Relevant utdanning på høgskule-/universitetsnivå, ønskjeleg med helse- og/eller sosialfagleg bakgrunn
- Erfaring med omstilling og endringsprosessar
- Ønskjeleg med relevant vidareutdanning innan leiing og administrasjon
- Ønskjeleg med leiarerfaring frå liknande tenester
- God kjennskap til turnusarbeid og turnusplanlegging
- Ønskjeleg med økonomikunnskap
- Kunnskap, kvalifikasjonar og erfaring innan relevant lovverk for tenesta, som AML, HTA, helse og omsorgstjenesteloven kapittel 9, og pasient og brukerrettighetsloven kapittel 4 vert vektlagt.
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Gode datakunnskapar.
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg.
Vi meiner at følgjande eigenskapar er viktige for å lukkast og trivast som avdelingsleiar hos oss:
- Du tek initiativ, får ting til å skje, har høg arbeidsevne og tek ansvar for resultat
- Du er en god leiar, med evne til å motivere, engasjere og utvikle andre sin kompetanse
- Evne til å tenke strategisk og handtere komplekse utfordringar og prosessar
- Du fremjar fagleg og personleg utvikling
- Du har evne til fleksibilitet og handtere uføreseielege hendingar
- Du kommuniserer tydeleg, gir tilbakemeldingar og anerkjenning til personalet
- Du er systematisk, du planlegg og prioriterer godt
- Du bidreg til å skape eit stabilt og godt arbeidsmiljø
- Du har høg relasjonskompetanse og gode samarbeidsevner
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Kristin Straume, einingsleiar MMNF 99799526
Elin Alfstad, assisterande einingsleiar MMNF 47797112
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Kristin Straume
+47 99799526
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e7b5cd25-c04f-4b5e-985e-119da056e3b1
- Sist endret
14. november 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3564793_192845_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Austevoll kommune
Sted
Storebø
Avdelingsleiar - Habiliteringstenesta Frekhaug - 3.gongs utlysing
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Isdalstø
Sjukepleiar/vernepleiar 100% fast
Arbeidsgiver
Øygarden kommune Blombakkane bustader
Sted
Straume