Miljøterapeut
Austevoll kommune
Lindevika 20, 5392 Storebø
Om jobben
- Stillingstittel
- MIljøterapeut
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 23. november
Om arbeidsstaden
Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV, psykisk helse og rus, kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg legge til rette med tenester tilpassa den enkelte sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Miljøarbeidartenesta gir praktisk hjelp, opplæring og heimesjukepleie til personar med nedsett funksjonsevne.
Tenesta har i dag fleire område:
- bufellesskap med bemanning heile døgnet
- avlastningsbustad for barn og unge
- omsorgsbustader for vaksne knytt til avlastningsbustaden
- ambulerande tenester til personar med nedsett funksjonsevne
Om stillinga
Miljøarbeidartenesta i Austevoll kommune har ledig 100 % stilling for deg med relevant høgskuleutdanning.
Vi tilbyr årsturnus der det per i dag er avsatt fagadministrativ tid og moglegheit for å påverke eiga arbeidstid. Arbeidsplassen er for tida Lindevika buteneste med samlokaliserte bustader med heildøgsnbemanning og ambulerande tenester til personer med nedsatt funksjonsevne.
Ansvars- og arbeidsoppgåver- Planlegge og gjennomføre tiltak og aktivitetar som er tilpassa behova til kvar enkelt brukar.
- Utføre målretta miljøarbeid og gje burettleiing.
- Legemiddeladministrering dersom du har helsefagleg kompetanse.
- Sikre at brukarane får fagleg forsvarlege tenester i tråd med vedtak.
- Lage og oppdatere tiltaksplanar og dokumentasjon i fagsystemet.
- Koordinere tenester for brukarane og samarbeide godt med brukarar, pårørande, spesialisthelsetenesta og andre samarbeidspartnarar.
- Gje rettleiing til pårørande, kollegaer, studentar, elevar og lærlingar.
- Bidra til å vidareutvikle tenestene våre.
- Vere med på å skape eit ope og positivt arbeidsmiljø, og møte kvardagen med stå-på-vilje og godt humør.
Kvalifikasjonskrav
- Bachelor i helse og sosialfag.
- Søkarar med relevant helsefagleg, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning, eller som er under utdanning til vernepleiar, kan òg bli vurderte.
- Erfaring frå arbeid innan habilitering er ønskjeleg.
- Du må ha god digital kompetanse.
- Du må ha førarkort klasse B.
- Du må kunne snakke og skrive godt norsk.
- Du er trygg, omsorgsfull og viser respekt for brukarane.
- Du har gode samarbeidsevner og bygg tillit i møte med andre.
- Du er tålmodig, fleksibel og handterer endringar på ein roleg måte.
- Du er engasjert, fagleg interessert og tek ansvar for oppgåvene dine.
- Du bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søker du på stillinga
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
Kommunen har eit folketal på om lag 5400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar.
Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1792fa57-49c4-42d1-938e-3fe5fddb229b
- Sist endret
28. oktober 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10268211
Lignende annonser
Miljøarbeidar innan habilitering
Arbeidsgiver
Austevoll kommune
Sted
Storebø
Miljøterapeut vernepleier
Arbeidsgiver
Stord kommune
Sted
Stord
Miljøterapeut - 100% fast
Arbeidsgiver
Boligsosial enhet, Askøy kommune
Sted
Kleppestø