Hopp til innhold

Lærarar - fast og vikariat

Arbeidsgiver

Åmot skule, Vinje kommune

Sted

Raulandsvegen 58, 3890 Vinje

Om jobben

Stillingstittel
Lærarar - fast og vikariat
Oppstart
1. august 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest i dag

Åmot skule ligg sentralt i Åmot, i Vinje kommune. Me er ein 1-10 skule med om lag 160 elevar.

Me søkjer engasjerte og dyktige lærarar til faste stillingar og vikariat for skuleåret 2026 / 27. Me ser etter deg som brenn for god undervisning, trivsel og utvikling – og som vil vere med og skape ein skule der både elevar og tilsette kjenner seg sett, støtta og inspirerte. Åmot skule er ein inkluderande 1.–10.-skule med høge ambisjonar for både fagleg og sosial utvikling. Me har eit sterkt fagmiljø, godt samarbeid i personalet og eit aktivt skulemiljø med fokus på livsmeistring og praktisk læring. 

 

Velkomen som søkjar!


Arbeidsoppgåver

  • Planleggje og gjennomføre undervisning i tråd med gjeldande læreplan og lovverk 
  • Skape eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for elevane, med god autoritativ klasseleiing
  • Vera ein trygg og god vaksenperson i møte med elevar og andre vaksne
  • Delta i, og bidra til profesjonelle lærande fellesskap ved skulen
  • Delta i tverrfagleg samarbeid
  • Kontaktlærarfunksjon kan liggje til stillinga
  • Andre funksjonar i skulen kan også vera aktuelt

Kvalifikasjonar

  • Me ynskjer deg som har godkjent undervisningskompetanse til å undervise i grunnskulen, jf. opplæringslova
  • Erfaring frå undervisning i grunnskulen i Noreg er ein fordel
  • Særskilde fagynskje: Matematikk, norsk, engelsk, tysk. Andre fag er også aktuelt.
  • Interesse og kunnskap for pedagogisk bruk av IKT og aktiv bruk av læringsplattform
  • Utdanning frå utlandet krev NOKUT-godkjenning
  • Gode ferdigheiter i norsk, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du har godt humør, er raus og trivast saman med elevar og vaksne
  • Du har eit positivt elev- og menneskesyn
  • Du er ein god formidlar og evnar å skape gode relasjonar
  • Du er ein tydeleg og omsorgsfull klasseleiar
  • Du er god til å handtere reglar, uro og åtferdsutfordringar
  • Du likar å vera aktiv deltakande i samhandling, aktivitetar og leik
  • Du er tydeleg, strukturert og evnar å omstille deg på kort varsel
  • Du har høge ambisjonar på vegne av elevane
  • Du stiller presis og godt førebudd til skuledagen
  • Du likar å arbeide i team, delar kompetanse og bidreg til gode og trygge rammer kring elevane

Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing

Me tilbyr

  • Løn etter kvalifikasjonar og ansiennitet etter med lokal lønsstige.
  • Lunsj til hyggjeleg pris for tilsette
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar

 

I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.


I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. 
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Kontaktinformasjon

Heidi Tvitekkja, Assisterande verksemdsleiar, +47 47820741

Arbeidsstad

Raulandsvegen 58
3890 Vinje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 5079409106
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 01.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Heidi Tvitekkja

Assisterande verksemdsleiar

+47 47820741

Om bedriften

Vinje kommune er den største kommunen i Telemark, med om lag 3800 innbyggjarar. Kommunen ligg ved foten av Hardangervidda nasjonalpark. Vinje har spelt ei viktig rolle i høve industrihistoria og er difor på UNESCO si verdsarvliste. Vinjeskulen er opptatt av samskaping og samarbeid på tvers av einingar. 

Åmot skule er omkransa av vakker natur og spennande fjellområde. Skulen er sentral i bygda vår med flotte bygg, og idrettsanlegg vegg i vegg. Skulen vår er ein 1-10 skule med vaksenopplæring. Me har om lag 210 flotte og engasjerte elevar frå alle verdas hjørne. Med 40 dyktige tilsette på laget er me opptekne av å ha rom for alle og blikk for den eine. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

401a6135-eea5-4c48-a67a-d6a1191e4898

Sist endret

17. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

58f20a16376f4e07aa0814bf6946c523

Lignende annonser