Hopp til innhold

Vikar for kulturhusleiar

Arbeidsgiver

Samfunn, kultur og miljø, Kinn kommune

Sted

Markegata 51, 6905 Florø, Gate 1 64, 6700 Måløy

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Vikar for Kulturhusleiar
Oppstart
1. mars 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Vi søker etter vikar for kulturhusleiar i 100% stilling for perioden 01.03.2026 til 01.02.2027 med mulighet for forlenging. Stillinga er organisert under Kulturtenesta med kultursjefen som nærmaste overordna. Kulturhusleiar vil vere avdelingsleiar for kulturhus/kino, og vil vere sidestilt med tre andre avdelingsleiarar på bibliotek, ungdom og frivilligheita. 

Som kulturhusleiar vil du bli del av eit spennande tverrfagleg arbeidsmiljø. Du vil få det daglege ansvaret for drift og utvikling av dei kommunale kulturhusa i kommunen. Dette inneber m.a. utleige/utlån av lokaler, programmering av forestillingar, kontraktsforhandlingar med leigetakarar, tilrettelegging for arrangørar/kulturlivet, økonomistyring, turnusarbeid og dagleg personalansvar for dei tilsette. Til avdelinga ligg også oppfølging av spelemiddelsøknader, organisering av brukarmøter med frivilligheita, sakshandsaming for politiske utval, råd m.v. Andre drifts- og utviklingsoppgåver kan kome til. Noko kveldsarbeid og reiseverksemd mellom Måløy og Florø vil måtte påreknast. Det er valfri kontorplass Måløy eller Florø. 

Kulturtenesta har varierte arbeidsoppgåver med mange spennande faglege utfordringar. Godt samarbeid og kunnskapsdeling på tvers av fagområda står sentralt i det daglege arbeidet. Tenesta har ansvar for forutan kulturhusa/kinoane også ansvar for fagområde som bibliotek, ungdomsklubbar, frivilligsentralar, utlånssentralar av idretts- og friluftsutstyr, Den kulturelle spaserstokken og - skulesekken, namnesaker, tilskotsordningar, kulturarv, investeringsprosjekt. Vi samarbeider breitt med andre kommunale tenester, andre offentlege instansar, frivillige lag og organisasjonar, det frie kunstfeltet, profesjonelle kulturinstitusjonar, kulturnæringsaktørar og tilgrensande fagfelt. Per i dag er vi 16 årsverk med rundt 30 tilsette fordelt på Florø og Måløy. 


Arbeidsoppgåver

  • driftsoppgåver med utleige/utlån, programmering, kontraktsforhandlingar
  • utviklingsarbeid
  • økonomi med budsjett og rekneskapsoppfølging
  • personaloppfølging
  • delta i arbeidet med investeringsprosjekt

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på minimum bachelornivå, helst innan kulturfag og økonomi. Relevant praksis fra heile eller deler av ansvarsområdet til stillinga kan kompensere for utdanningskravet
  • Gode IT-kunnskapar og erfaring med digitale system og løysingar
  • Du beherskar norsk godt, både muntleg og skriftleg
  • Erfaring frå arbeid med tilrettelegging og dialog med kultur- og idrettsfrivilligheita er ønskjeleg
  • Leiarerfaring er ønskjeleg

Personlege eigenskapar

Du må ha høg integritet, vere analytisk og likar å løyse koplekse problemstillingar. Du likar å jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre. Du må trivast med høgt arbeidstempo og takle endringar. Personleg eignaheit vil vektleggast.

Du er

  • ein positiv og raus lagspelar
  • utadvendt og serviceinnstilt
  • ansvarsbevisst, utviklings- og løysingsorientert og har god gjennomføringsevne
  • god til å planlegge og organisere arbeidet

    Vi tilbyr

    • Eit spennande, breitt og godt arbeidsmiljø
    • Kommunal pensjons- og forsikringsordning
    • Løn etter avtale

    Kontaktinformasjon

    Rolf Bjarne Sund, Kommunalsjef samfunn, kultur og miljø, 91710500

    Arbeidsstad

    Markegata 51
    6905 Florø

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Kinn kommune

    Referansenr.: 5062378718
    Stillingsprosent: 100%
    Vikar
    Startdato: 01.03.2026
    Sluttdato: 01.02.2027
    Søknadsfrist: 06.02.2026

    Om bedriften

    Vår visjon:
    I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling.  Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget.  I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    3ffdc6ed-b963-417b-940b-08d35fc792ab

    Sist endret

    7. februar 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    a240681b332e4bdaa35aa6db07fedf48

    Lignende annonser

    Pedagogisk leiar, vikariat med muligheit for forlenging/fast tilsetjing

    Arbeidsgiver

    Torvmyrane skule og barnehage

    Sted

    Florø