Hopp til innhold

Kontormedarbeidar søkjast til AS Nessemaskin

Arbeidsgiver

Nessemaskin AS

Sted

SJØARSVEGEN 5, 6994 Nessane

Om jobben

Stillingstittel
Reknskap og kontorarbeid
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 19. juni

Nessemaskin søker ansatt til kontoret vårt på Nessane.

Du får jobbe i eit selskap som driv med import av varer og reiskap til landbruket.

På vårt lager på Nessane vert varene vidaresende til kundar i heile Norge

Arbeidsoppgåver

Som kontormedarbeidar hos oss vil du få ei variert rolle i den daglege drifta på kontoret. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:

  • Kundeservice på telefon og e-post
  • Behandle ordrar frå nettbutikken
  • Registrering av varemottak
  • Opprette innkjøp og følgje opp bestillingar
  • Fakturering og utsending av purringar
  • Lagerstyring og administrative oppgåver
  • Oppdatering av sosiale medium
  • Anna førefallande kontorarbeid

Stillinga vil hovudsakleg vere knytt til nettbutikk, kundeservice og varemottak.

Stillinga vil hovudsakleg vere knytt til nettbutikk, kundeservice og varemottak.

Vi ser etter deg som
  • Er strukturert og sjølvstendig
  • Likar kundekontakt og yter god service
  • Har god orden og evne til å handtere fleire oppgåver samtidig
  • Er komfortabel med bruk av data og digitale system
  • Er positiv, løysingsorientert og samarbeidsvillig

Erfaring frå kontorarbeid, kundeservice eller ordrebehandling er ein fordel, men ikkje eit krav.

Vi tilbyr
  • Ei variert og spennande stilling
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Moglegheit til å påverke og ta ansvar
  • Opplæring ved behov

Om bedriften

Nessemaskin er eit godt etablert frima innanfor utsyr og rekvisita til landbruket. Vi er i dag 8 tilsette lokalisert på Nessane. Hjå oss kjem du til eit selskap med gode verdiar, godt arbeidsmiljø med stor takhøgde og moglegheit for å forme din eigen arbeidsdag.
Vi har gode ordningar og er opptatt av at ein skal trivast på jobb.
Virkar dette spanande? Ta kontakt eller send søknad og CV direkte på epost.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3fe07549-5c14-42ba-ad48-d2b05a3dded8

Sist endret

28. mai 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

464467939

Lignende annonser

Laster lignende annonser