Hopp til innhold

Grønn glede skapes her! Bli med i teamet vårt som gartner!

Arbeidsgiver

Blomen Vinje As

Sted

Vinjevegen 192, 3890 Vinje

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Gartner
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager og lørdag
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

I over 20 år har Blomen spredd blomsterglede i Vinje. Me skaper vakre rammer til både kvardag og fest, og gir faglege råd om planter -- både inne og ute. Hos oss finn du eit stort og variert utval, inkludert stauder, buskar og tre tilpassa fjellbygdene.

I februar flyttar Blomen inn i heilt nye lokale. Me står midt i ei spennande utvikling, og no søkjer me fleire dyktige og engasjerte medarbeidarar som vil vere med å forme framtidas Blomen.

Me er opne for ulike stillingsprosentar, avhengig av kven som søkjer -- skriv gjerne kva som passar for deg.

Gartner -- heil stilling (annan stillingsprosent etter avtale)

Me ynskjer ein kunnskapsrik og praktisk orientert gartnar som kan styrkje vår fagkompetanse på planter og plantestell.

Arbeidsoppgåver
  • Stell av potteplanter, utplantingsplanter, stauder, buskar og tre.

  • Lage utstillingar og presentasjonar som framhevar plantene.

  • Kunderettleiiing om plantestell, vokseforhold, jord og gjødsling.

  • Bidra til rein, ryddig og inspirerande butikk inne og ute.

  • Delta i teamarbeidet og ta del i varierte oppgåver etter sesong.

Kvalifikasjonar og eigenskapar
  • Gartnerutdanning og/eller fagbrev er ynskjeleg. Relevant erfaring frå planteskule, gartneri, hagesenter eller liknande er òg aktuelt.

  • Praktisk, sjølvstendig og løysingsorientert, med evne til å jobbe effektivt i sesongtoppane.

  • Positiv, omgjengeleg og glad i kundekontakt.

  • Førarkort klasse B.

  • Munnleg og skriftleg gode norskkunnskapar.

Me tilbyr
  • Eit kreativt, variert og triveleg arbeidsmiljø med fokus på fag, kvalitet og det som gror.

  • Mogleghet til å vere med på ei spennande nyopning og vidare utvikling av Blomen.

  • Høg grad av påverknad på eigen arbeidsdag og arbeidsoppgåver.

  • Lønn etter kvalifikasjonar og avtale.

Om bedriften

I over 20 år har Blomen spredd blomsterglede i Vinje. Me skaper vakre rammer til både kvardag og fest, og gir faglege råd om planter -- både inne og ute. Hos oss finn du eit stort og variert utval, inkludert stauder, buskar og tre tilpassa fjellbygdene.

I februar flyttar Blomen inn i heilt nye lokale. Me står midt i ei spennande utvikling, og no søkjer me fleire dyktige og engasjerte medarbeidarar som vil vere med å forme framtidas Blomen.

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3fc6c024-665d-4c4c-8d93-fe2dca444ed4

Sist endret

31. desember 2025

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

3fc6c024-665d-4c4c-8d93-fe2dca444ed4

Lignende annonser

Laster lignende annonser