Hopp til innhold

 Miljøterapeut - vikariat 100% 

Arbeidsgiver

Alver kommune

Sted

Skrenten 64, 5955 Lindås

Om jobben

Stillingstittel
Miljøterapeut 100 % vikariat - Skrenten bu- og trenings bustad
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 19. mai

Velkommen til oss!

Skrenten bu- og treningsbustad er eit nyetablert tilbod i Alver kommune. Her skal ungdom med nedsett funksjonsevne få ein trygg, forutsigbar og gradvis veg inn i vaksenlivet – med fokus på sjølvstende, meistring og livsferdigheiter i realistiske omgjevnader. 

Skrenten ligg idyllisk til på Lindås, med leilegheiter og fellesareal som gjer det mogleg å kombinere individuell butrening med sosialt fellesskap. Vi jobbar tett på tenestemottakarane for å styrke ADL-ferdigheiter, sosial kompetanse, kommunikasjon (inkludert ASK), fysisk og psykisk helse, samt bruk av velferdsteknologi. Målet er å fremje livskvalitet gjennom mest mogleg sjølvstende.

Hos oss får du ikkje «berre ein jobb» – du får vere med å skape ein trygg base der ungdom kan ta ekte steg mot eit meir sjølvstendig liv.

No ser vi etter fleire engasjerte medarbedare som vil vere med å forme, byggje og utvikle dette unike tilbodet frå start, og har ledig eit årsvikariat i 100% stilling som Miljøterapeut med helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning, pedagogisk utdanning m/spes.ped og bachelor i psykologi med erfaring med tenestemottakare med same behov kan vurderast. 

Ledig med oppstart frå: 15. juni  


Om avlasningstenesta

Alver kommune tilbyr avlastning for familiar med særleg tyngande omsorgsoppgåver, der born og unge har psykiske eller fysiske funksjonsnedsetjingar. Avlastninga kan skje både i heimen og på institusjon, og vert tilpasse individuelt etter behov og ønske frå familien.

Avlastningsbustadene er ein del av kommunens habiliteringstilbod, og gjev born og unge eit trygt og tilrettelagt miljø med aktivitetar og omsorg. I tillegg til nyoppretta Skrenten bu- og treningsbustad har eininga avdelingane Kvasten og Røsvikrenen. 


Arbeidsoppgåver

Som ansatt ved Skrenten bu- og treningsbustad vil du ha ei viktig rolle i å støtte ungdom med nedsett funksjonsevne i overgangen til vaksenlivet. Arbeidet er variert og inneber mellom anna:

  • Målretta miljøterapeutisk arbeid med fokus på meistring, sjølvstende og tryggleik
  • Tverrfagleg samarbeid med kommunale helse- og omsorgstenestar, andre hjelpeinstansar, pårørande og verge. 
  • Ansvar for legemiddelhandtering i tråd med gjeldande rutinar
  • Utføring av vedtak etter kapittel 9 i helse- og omsorgslova
  • Dokumentasjon og evaluering av tiltak i tråd med faglege og juridiske krav
  • Dagleg oppfølging og rettleiing i ADL-ferdigheiter som matlaging, økonomi, reinhald, transport og struktur i kvardagen
  • Bidra til utvikling av sosial kompetanse, kommunikasjon (inkludert ASK) og deltaking i fellesskap
  • Skape og halde ved like trygge og stabile relasjonar
  • Oppfølging av fysisk og psykisk helse
  • Bidra til fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø

Kompetansekrav 

Du må ha: 
  • Relevant 3-årig bachelor innan helse- og sosialfag. 
  • Pedagogisk utdanning m/spes.ped og bachelor i psykologi med erfaring med tenestemottakare med same behov kan vurderast. 
  • Erfaring med arbeid innan habilitering og miljøarbeid
  • Vilje og evne til å arbeide i tråd med helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 (rettstryggleik ved bruk av tvang og makt), inkludert førebygging, dokumentasjon og gjennomføring av vedtak der dette er aktuelt.
  • Trygg på bruk av digitale verktøy og dokumentasjonssystem
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Førarkort i klasse B
Det er ønskjeleg om du har:
  • Interesse for og gjerne erfaring med arbeid retta mot ungdom i overgang til vaksenlivet, med fokus på sjølvstende og meistring. 
  • Kjennskap til og gjerne erfaring med vedtak etter kapitel 9 jf. Helse- og omsorgslova
  • Kompetanse i alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK), og evne til å tilpasse kommunikasjon til den enkelte brukar. 
  • Erfaring med brukarmedverknad, tverrfagleg samarbeid og god evne til å samarbeide med føresette og fagpersonar.
  • Menn oppfordras til å søkje
  • Evne til å skape tryggleik, vise respekt og arbeide personsentrert.
  • Erfaring og tryggleik til å handtere uforutsette situasjonar og tilpasse seg individuelle behov.

Kven er du?

Vi søkjer deg som har eit genuint engasjement for å støtte ungdom i å finne eigen styrke og ta steg mot eit meir sjølvstendig vaksenliv. Du:

  • Har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å byggje tillit over tid
  • Ser potensialet i kvar ungdom og jobbar aktivt for å skape meistring, håp og motivasjon
  • Er trygg i deg sjølv og handterer krevjande situasjonar med ro, klokskap og tydelegheit under press. 
  • Har gode kommunikasjonsevner og er merksam på både små og store augeblinkar som byggjer relasjon og utvikling
  • Er tolmodig, støttande og uthaldande, og forstår at utvikling tek tid
  • Er initiativrik, ansvarsbevisst, fleksibel og løysingsorientert, og ser moglegheiter der andre ser utfordringar
  • Er endringsvillig og positiv. 
  • Kan reflektere etisk og fagleg rundt komplekse val og balansegangen mellom støtte og sjølvstende
  • Trivst med både samarbeid i team og sjølvstendig ansvar i kvardagen

Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.


Me tilbyr

Dette er ei sjeldan moglegheit for deg som trivst med utviklingsarbeid og ønskjer å vere med og setje retning frå dag éin.

Hos oss får du:
  • Ein meiningsfull jobb der du får vere med å etablere, forme og utvikle eit tilbod som gjer ein forskjell i liva til mange. 
  • Faglege utfordringar i eit miljø som vektlegg kvalitet, etikk og utvikling
  • Moglegheit for kompetanseheving og fagleg vekst
  • Tilsetjing og løn i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Årsturnus med moghegheit for innspel på arbeidstid
  • God pensjonsordning i KLP
  • Gratis parkering

     


Me er ein organisasjon i læring! 

Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke. 


Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Politiattest 

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede


Om Habiliteringstenesta 

Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/
utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, 

og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan. 


Kontaktperson for stillingen

Signe Korsøen Tofting

Avdelingsleiar

+4745330103

signe.korsoen.tofting@alver.kommune.no

Om bedriften

Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3fc2fa62-e5b4-4cef-9723-542a40ee96fb

Sist endret

8. mai 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10295365

Lignende annonser

Laster lignende annonser