Hopp til innhold

Vil du vere med å gjere kvardagen meiningsfull for våre bebuarar? 

Arbeidsgiver

Teiglandshagen bufellesskap, Bømlo kommune

Sted

Teigland 1, 5440 Mosterhamn

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 23. februar

Ønskjer du ei variert og spanande stilling innan demensomsorg og er glad i turar, song og musikk? Då kan du vere personen me ser etter! 

Teiglandshagen bufellesskap på Mosterhamn har ledig to faste stillingar på 100 % og 80 % som sjukepleiar/vernepleiar. Ved ønskje om lågare stillingsprosent kan ein oppgje dette i søknaden. Me ser etter deg som er fagleg engasjert, og som vil bidra til god sjukepleie og behandling av våre bebuarar. Oppstart så snart som mogleg.

Om avdelinga:
Teiglandshagen bufellesskap er for pasientar med demenssjukdom, og har to avdelingar med 8 pasientar på kvar. Me har god fagdekning, eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver. Vårt mål er å gi god individretta pleie og behandling tilpassa den enkelte pasient, der det blir lagt stor vekt på aktivisering og målretta miljøarbeid.


Arbeidsoppgåver

  • Utføre heilskapleg pleie, omsorg og medisinsk lindrande behandling.
  • Gjennomføre sjukepleiefaglege prosedyrar i tråd med gjeldande rutinar og fagleg standard.
  • Delta i ansvarsvakter og bidra til kontinuitet og kvalitet i tenestetilbodet.
  • Vera primærkontakt for utvalde pasientar, med ansvar for oppfølging og koordinering av tenester.
  • Dokumentere helsehjelp og observasjonar i elektronisk journalsystem.
  • Samarbeide tverrfagleg med tilsynslege, fysioterapeut, ergoterapeut, sjukehus, pårørande og andre relevante aktørar.
  • Følgje opp pasient og pårørande med fokus på tryggleik, informasjon og støtte.

Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast. 

Kvalifikasjonar

  • Bachelorgrad i sjukepleie eller vernepleie.
  • Meistrar norsk godt både munnleg og skriftleg. Må minimum ha bestått norskprøve på B2-nivå.

Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter helse og omsorgstenestelova § 5.4.

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som:

  • Jobbar sjølvstendig og bidreg til godt samarbeid.
  • Har ein positiv og trygg framtoning som skapar godt miljø.
  • Prioriterer oppgåver og set i verk tiltak på ein strukturert måte.
  • Kommuniserer tydeleg og finn løysingar, også i krevjande situasjonar.
  • Viser lojalitet, er tilpassingsdyktig ved endringar og reflekterer over etiske spørsmål.

Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga. 

Me tilbyr

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
  • Som tilsett får du tilbod om medlemskap i velferdsklubb som gjev tilsettegoder.
Andre opplysingar
  • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn. 
  • Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25. 

Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar Ann Heidi Mathisen. 

Kontaktinformasjon

Ann Heidi Mathisen, Avdelingsleiar, 457 20 536, ann.heidi.mathisen@bomlo.kommune.no
Monica Smedsrud, Verksemdleiar, +47 404 85 607, monica.smedsrud@bomlo.kommune.no

Arbeidsstad

Teigland 1
5440 Mosterhamn

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bømlo kommune

Referansenr.: 5077228127
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.02.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Monica Smedsrud

Verksemdleiar

+47 404 85 607

monica.smedsrud@bomlo.kommune.no

Ann Heidi Mathisen

Avdelingsleiar

457 20 536

ann.heidi.mathisen@bomlo.kommune.no

Om bedriften

Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.

Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.

Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.

Forsikring
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3f704d38-e1be-49bc-a9f6-33d8d448f3e1

Sist endret

9. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

1389dc24091645c89cc330556a3be92d

Lignende annonser