Hopp til innhold

Spesialingeniør/ instrumentansvarleg

Arbeidsgiver

Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen 

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Spesialingeniør/ instrumentansvarleg
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 8. november

Vi har ledig fast stilling som spesialingeniør/ instrumentansvarleg ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF).

MBF er det største laboratoriet ved Haukeland universitetssjukehus og har om lag 370 tilsette. Avdelinga har 12 analytiske og 4 ikkje-analytiske seksjonar, legegruppene medisinsk biokjemi, hormonlaboratoriet og klinisk farmakologi, samt Napos, Noklus Hordaland og RELIS Vest.

Avdelinga utfører ei rekke analysar innan medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi og har moderne analyseinstrument. I tillegg til omfattande rutinedrift blir det drive forsking og utviklingsarbeid. Laboratoriet er akkreditert etter ISO 15189.

Vi søker ein spesialingeniør med sterk interesse for avansert laboratorieinstrumentering og massespektrometri. Den som blir tilsett vil vere ein del av kjemikargruppa ved MBF, og ha ei sentral rolle i drift, vedlikehald og vidareutvikling av ein av dei største LC-MS-plattformane i norske sjukehuslaboratorium. Stillinga er knytt til Seksjon for lege- og rusmiddelanalysar og inneber samarbeid med instrumentansvarleg ved Hormonlaboratoriet og fleire seksjonar ved avdelinga.

Seksjon for lege- og rusmiddelanalysar har mellom anna 9 LC-MS/MS-instrument, 3 LC-QTOF-MS-instrument, 1 GC-FID-instrument og 3 moderne robotar for handtering og opparbeiding av prøvemateriale.


Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for vedlikehald, feilsøking og reparasjon av instrument, samt oppfølging av serviceavtalar
  • Kontakt med servicepersonell og leverandørar
  • Bistå ved anbodsprosessar
  • Bidra til utvikling og validering av metodar
  • Delta i kvalitetsarbeid knytt til akkrediterte analysar
  • Skrive prosedyrar og valideringsrapportar
  • Bidra til undervisning og opplæring av tilsette i bruk og vedlikehald av instrument
  • Delta i den daglege rutinedrifta ved seksjonen
  • Andre arbeidsoppgåver kan bli tillagt stillinga

Kvalifikasjonar

  • Utdanning innan kjemi, analytisk kjemi eller tilsvarande fagområde på master-, sivilingeniør- eller ph.d.-nivå. Relevant erfaring og kompetanse kan kompensere for utdanningskravet
  • Teknisk kunnskap om og interesse for HPLC og LC-MS/MS
  • Erfaring med HPLC, LC-MS/MS eller tilsvarande avanserte analyseinstrument
  • Erfaring med metodeutvikling, validering eller instrumentvedlikehald er ein fordel
  • Erfaring frå akkreditert laboratorium er ein fordel
  • Gode datakunnskapar blir vektlagde
  • Må meistre norsk og engelsk skriftleg og munnleg
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagde

Personlege eigenskapar

  • Utadvendt og engasjert
  • Gode kommunikasjonseevner
  • Målbevisst, strukturert og løysingsorientert
  • Vere ein god teamarbeidar og bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Vere fleksibel og trivast med varierte utfordringar
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Engasjement for fagfeltet og ønskje om fagleg utvikling

Vi tilbyr

  • Moglegheit til å arbeide med avansert massespektrometri i eit av dei største fagmiljøa innan laboratoriemedisin i Noreg
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Stor grad av fagleg sjølvstende og moglegheit til å påverke utviklinga av instrument- og analyseplattformar
  • Tett samarbeid med kjemikarar, bioingeniørar og legar
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Dagstilling


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Christina Ramsens, Seksjonsleiar, 55973257, christina.ramsnes@helse-bergen.no
Ingunn Børø, Sjefbioingeniør, 99235074, ingunn.boro@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5194028356
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.11.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Ingunn Børø

Sjefbioingeniør

99235074

ingunn.boro@helse-bergen.no

Christina Ramsens

Seksjonsleiar

55973257

christina.ramsnes@helse-bergen.no

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3f01b255-1094-42a2-a739-bf3f50688c4e

Sist endret

21. oktober 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

c493dec3e904457ea9294e57cd99fd3b

Lignende annonser

Laster lignende annonser