Hopp til innhold

Overingeniør (mellombels stilling) – MAREANO djuphavsfauna

Arbeidsgiver

Universitetet i Bergen

Sted

Allégaten 41, 5007 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Overingeniør (mellombels stilling) – MAREANO djuphavsfauna
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Skandinavisk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 1. desember

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Om stillinga:

Ved Avdeling for naturhistorie, Universitetsmuseet i Bergen, er det ledig ei mellombels 100 % stilling som overingeniør i seks månader, med moglegheit for forlenging avhengig av finansiering. Stillinga er finansiert gjennom MAREANO-programmet og knytt til arbeid med djuphavsfauna i norske havområde. 

Tiltreding er 1. februar 2027. Den som vert tilsett vil arbeide med opparbeiding og analyse av marine botnprøver frå djuphavet, artsidentifisering av marine virvellause dyr, kuratering av vitskaplege samlingar og utvikling av DNA-basert dokumentasjon av artsmangfald. Arbeidet omfattar og rettleiing, kvalitetssikring og kompetanseoverføring innan marin faunistikk.


Arbeidsoppgåver:

Det overordna målet med prosjektet er å dokumentere og styrkje kunnskapen om artsmangfaldet hos botnlevande organismar i norske djuphavsområde.

Den som blir tilsett, skal bidra med:

  • Sortering, opparbeiding og artsidentifisering av marine botnprøver frå djuphavet
  • Kuratering og vedlikehald av vitskaplege samlingar av marine virvellause dyr
  • Vevsprøvetaking og oppbygging av DNA-referansebibliotek for genetiske analysar
  • Redigering og kvalitetssikring av DNA-sekvensar
  • Avbilding av utvalde eksemplar ved hjelp av stacking-stereomikroskopi og etterfølgjande bilethandsaming
  • Planlegging og gjennomføring av workshopar og kurs innan artsidentifisering og marin faunistikk for studentar og prosjektmedarbeidarar
  • Kvalitetssikring av artsbestemmingar, prøvemateriale og datasett

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i marinbiologi, marin zoologi eller tilsvarande relevant fagområde
  • Gode samarbeidsevner og trivst med å dele kunnskap og rettleie andre
  • Brei faunistisk kompetanse innan identifisering av marine virvellause dyr, særleg botnlevande djuphavsorganismar
  • Erfaring med kuratering av museumssamlingar og registrering av materiale i samlingsdatabasar
  • Erfaring med produksjon, handsaming og redigering av DNA-sekvensdata
  • God kompetanse i bruk av fotoutstyr, inkludert stacking-teknikkar, og relevant programvare for biletbehandling
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Det er ein fordel om søkjaren har:

  • Erfaring frå undervisning, kursverksemd eller rettleiing
  • Erfaring med bioinformatiske analysar og handtering av genetiske datasett
  • Erfaring frå arbeid med MAREANO-materiale eller andre marine kartleggingsprogram
  • Erfaring med innsending og handtering av data i BOLD, GenBank eller tilsvarande databasar

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø, moderne laboratorium med varierte forskingsaktivitetar og omfattande vitskaplege samlingar
  • Løn som overingeniør (kode 1087) I årsløn kr 642 000 - 665 000 brutto, avhengig av kvalifikasjonar
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Ei stilling i ei inkluderande verksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: professor Nataliya Budaeva, Universitetsmuseet i Bergen, e-post: Nataliya.Budaeva@uib.no, mobiltelefon +47 40161824, eller instituttleiar Jenny Smedmark, Universitetsmuseet i Bergen, e-post: jenny.smedmark@uib.no, mobiltelefon: +47 407 26 194.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknaden må innehalde:

  • Eit søknadsbrev (maks. 1 side) som skildrar motivasjonen din for å arbeide med prosjektet
  • Ein CV (maks. 2 sider) med personopplysningar, kvalifikasjonar og arbeidserfaring
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar
  • Vitnemål og karakterutskrifter som dokumenterer fullført høgare utdanning
  • Relevante attestar/referansar

Søknaden og vedlegga, med stadfesta omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk, skal lastast opp via Jobbnorge.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.


Om bedriften

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

bc877948-6dc1-4544-8eb4-7dd7a7654290

Sist endret

17. november 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10316272

Lignende annonser

Laster lignende annonser