Hopp til innhold

Byggesakshandsamar

Arbeidsgiver

Sogndal kommune Bygg og eigedom

Sted

6856 Sogndal

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Me søkjer ein engasjert byggesakshandsamar som vil vere med å utvikle gode og trygge lokalsamfunn i hjartet av Sogn!

Her får du høve til å kombinere ei spanande karriere med eit liv tett på naturen, med fjord, fjell og frisk luft rett utanfor kontordøra. Kommunen er stor nok til mangfald og utvikling, men liten nok til å gje oversikt, tryggleik og nærleik til det meste. Våre om lag 1300 medarbeidarar jobbar kontinuerleg med å fornye, forbetre og forenkle tenestene våre, til det beste for både innbyggjarar og tilsette. 

Om stillinga 

Som byggesakshandsamar hjå oss får du ei sentral rolle i arbeidet med å sikre gode byggjeløysingar og rett bruk av areal. Du vil handsame søknader etter plan- og bygningslova, rettleie innbyggjarar og næringsliv, og bidra til at prosjekta vert gjennomførte i tråd med regelverket. Arbeidet inneber tett kontakt med både profesjonelle aktørar og private tiltakshavarar, og du får høve til å følgje byggeprosessar frå idé til ferdig bygg. Du vert del av eit fagmiljø som samarbeider godt, deler kunnskap og finn løysingar saman. 

Arbeidsoppgåver:
  • Rettleie søkarar og innbyggjarar i møte og på telefon
  • Handsame byggesaker og delingssaker etter plan- og bygningslova
  • Handsame søknader om utsleppsløyve
  • Klagesakshandsaming etter forvaltningslova
  • Førebu saker til politiske utval
  • Handsame og følgje opp ulovlegheiter og tilsyn
  • Matrikkelføring av bygningar
  • Skriftleg og munnleg kommunikasjon med profesjonelle søkarar, grunneigarar, naboar og fagmiljøet generelt
  • I tillegg kan andre oppgåver tilpassast noko etter kvalifikasjonar, interesser og avdelinga sitt behov.
Ynskja kvalifikasjonar 
  • Relevant utdanning med byggteknisk kompetanse (td. byggingeniør, sivilarkitekt, juridiske fag, anna byggfagleg kompetanse) 
  • Erfaring som ansvarleg søkar eller frå byggesakshandsaming er ynskjeleg 
  • Erfaring med bygg og byggfag kan kompensere for formell utdanning  

Me ser etter deg som 

  • er ryddig og strukturert  
  • er sjølvstendig, initiativrik og trivst med å finne løysingar saman med andre 
  • kommuniserer godt, både skriftleg og munnleg 
  • evnar å setje deg inn i og handtere komplekse prosessar og til tider stor saksmengd 
  • har god rolleforståing, er positivt innstilt og jobbar mot kommunen sine mål 
  • er venleg mot kollegaer og bidreg til eit godt arbeidsmiljø 
  • er omstillingsvillig når det kjem til organisering og lokalisering  

Me tilbyr 

  • Løn etter avtale 
  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Gode velferdsordningar 
  • Fleksitid og moglegheit for avspasering ved sol og pudderføre 
  • Moglegheit for heimekontor delar av tida 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søke jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å legge til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. 
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. 

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3e756341-ea65-4544-9f66-8c032a2dc1da

Sist endret

2. januar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3569875_233933_nn

Lignende annonser

Byggesakshandsamar - arbeidsplassen.no