Stilling der du berre jobbar ei helg i månaden
Lærdal kommune Sogn LMS
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Om jobben
- Stillingstittel
- 23,5 % fast helgestilling som sjukepleiar/paramedic ved Sogn LMS
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 23%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
100% fast stilling som "stilling" (Overskrift til annonsetittel)
I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus.Sogn lokalmedisinske senter (Sogn LMS) har ansvar for legevaktformidling (legevaktstelefon) for kommunane i Sogn (Vik, Sogndal, Luster, Årdal, Aurland og Lærdal). Me er òg legevakt for kommunane i indre Sogn (Aurland, Årdal og Lærdal).
Lærdal kommune har no ledig ei 23,5 % fast stilling som sjukepleiar i rein helgestilling. Arbeidet består av langvakter på 12 timar, med arbeid berre kvar fjerde helg. Dette inneber at du får ein relativt høg stillingsprosent, sjølv om du jobbar éi helg i månaden. Stillinga eignar seg godt som supplerande inntekt til annan jobb eller studiar.
Krav til/ønskje om utdanning og kvalifikasjonar- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/paramedic
- Krav om kurs i akuttmedisin og vald og overgrep for sjukepleiarar på legevaktssentralar (tilbod om kurs ved tilsetjing om du ikkje har dette frå før)
- Gode norskkunnskapar og evne til å formidla godt
- Gode IKT-kunnskapar
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
- Legevaktsoperatør for kommunane i Sogn
- Bistå vakthavande lege ved blodprøvetaking, EKG, suturering, sårstell m.m.
- Rettleia pasientar og innringarar via telefon og videokonsultasjon
- Langvakter på 12 timar, kvar 4. helg
- Nattevakter er 10 timar i vekedagar og 11 timar på helg
- Krav om politiattest, jf. Lov om helsetenester
- Me tilbyr ein spanande og utfordrande jobb i eit godt arbeidsmiljø
- Lønn etter tariff
- 2 % pensjonsinnskot til KLP
- Full barnehagedekning
- Gratis fulltids-SFO for 1. og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klassingar.
- Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
- Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3ddb08be-e457-48f3-8707-d1558f4e3451
- Sist endret
3. oktober 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3550349_228183_nn
Lignende annonser
30 % fast stilling som sjukepleiar ved Lærdal helsesenter
Arbeidsgiver
Lærdal kommune Helsesenter
Sted
Lærdal
Sjukepleiar 100% nattevakt sjukeheim/ KAD
Arbeidsgiver
Lærdal kommune Pleie og omsorg
Sted
Lærdal
Fulltid 100% stilling som sjukepleiar kombinert Helsesenteret/KAD/sjukeheim
Arbeidsgiver
Lærdal kommune Helsesenter
Sted
Lærdal