Ledig stilling
Lærdal kommune Pleie og omsorg
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar 100% nattevakt sjukeheim/ KAD
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 8. september
100% fast stilling som "stilling" (Overskrift til annonsetittel)
I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.
Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus. Lærdal kommune har etablert kommunale akutte døgnplassar ved Lærdal bu- og omsorgsheim. I samband med dette søkjer me nye dyktige, sjukepleiarar til 100% nattevaktstilling.KAD er eit allmennmedisinsk tilbod som skal ytast til den som har behov for observasjon, behandling og tilsyn, der innlegging på KAD kan erstatta innlegging i sjukehus.
Stillinga er rein nattevaktstilling med langvakt, natt kvar 3.helg, med mogelegheit for samla fri. Årsturnus.Du vil arbeida i team saman med helsefagarbeidar på natt, der du har det sjukepleiar faglege ansvaret for pasientane på både sjukeheimen og KAD seng.
Dine oppgåver vil være å gje hjelp og systematisk oppfølging, for å avdekkja forverring av tilstand hjå pasienten, samt gode evner til å iverksetja rette tiltak.
Tverrfagleg samarbeid med ulike fagmiljø, tilsynslege ved KAD, legevaktslege og spesialisthelsetenesta kring: Medisinsk oppfølging, observasjon, kartlegging (NEWS2-score) og behandlingsavklaring.
Om arbeidsgjevaren:Ved Lærdal bu- og omsorgsheim er det 23 plassar; 1 KAD, 4 korttid og 18 langtids plassar. I tillegg har me eige kjøken, fysio-/ ergoterapeut, fagkoordinator, demenskoordinator og aktivitetstove med mykje liv og røre!
Samlokalisert med heimesjukepleien. Heimesjukepleien yter tenester til 12 heildøgns bemanna omsorgsbustader, og ca. 70 tenestemottakarar rundt om i bygda.
Me er sirka 75 tilsette i stort og smått, og kanskje vert du vår nye kollega!
Er dette deg?- Ansvarsfull, sjølvstendig og god til å samarbeida med andre
- Arbeider nøyaktig og kunnskapsbasert
- Fagleg oppdatert og ynskje om å utvikla deg vidare
- Eit innovativt og godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver
- Moglegheit for fagleg og personelg utvikling
- Moglegheit for vidareutdanning og kursing på arbeidsplassen
- Støttande leiing
- Tilsetting i ei trygg offentleg verksemd
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Førerkort klasse B
- Gyldig politiattest
- Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg – bestått B2-eksamen for søkjarar utanfor Skandinavia.
- Relevant erfaring vert vektlagd
- Pensjonsordning og KLP med 2% innbetaling
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid
- Gode moglegheiter for vidareutdanning
- Rekrutteringstilskot 60 000,- med to års bindingstid
- Tillegg for rettleiing av studentar og lærlingar
Lærdal kan by på:
- Full barnehagedekning
- Gratis fulltids-SFO for 1. -og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klasse
- Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
- Tilgnag til kommunalt abonnement på treningssenter
- Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5d0df6f7-d3e3-43d3-a1b4-edc9f4f60291
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3534119_228185_nn