Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
Lærdal kommune Helsesenter
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
30 % fast stilling som sjukepleiar ved Lærdal helsesenter
Type ansettelse
Fast, deltid 30%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. oktober
I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus.
Lærdal helsesenter har 30 % fast stilling ledig som sjukepleiar frå 1. november.
Arbeidsoppgåver:- Skifteromsarbeid som sårstell, EKG og 24 timers blodtrykk, suturfjerning, øyreskylling og liknande.
- Laboratoriearbeid: prøvetaking, analysering av prøvar, injeksjonar
- Ekspedere telefon og pasientluke
- Anna helseretta og administrativt arbeid som ligg til legekontoret t.d. journalføring, oppgjer, rekvirering av transport, legge inn reseptar m.m
- Offentleg godkjend sjukepleiar
- Gode norsk- og engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- God IKT kompetanse
- Du må vera nøyaktig og strukturert
- Arbeidserfaring frå legekontor og/eller legevakt er ein fordel
- Me legg særleg vekt på at du har dei personlege eigenskapane me ynskjer: at du har gode samarbeidsevner og kan arbeida både i team og sjølvstendig, er interessert i fagutvikling, er relasjonsorientert og endringsvillig.
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø, der me har eit stort brukarfokus og høg kvalitet i arbeidet
- Gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
- Konkurransedyktig pensjonsordning i KLP
- Gruppe- og ulykkesforsikring
- Hjelp til å skaffe bustad
- Full barnehagedekning
- Gratis fulltids-SFO for 1. og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klassingar.
- Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
- Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6d90815f-511b-48a4-9541-f2627821024d
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3550363_248527_nn