Hopp til innhold

Sommerjobb i Orre barnehage

Arbeidsgiver

Klepp kommune, Orre barnehage

Sted

Theavegen 9, 4343 Orre

Om jobben

Stillingstittel
Sommerjobb i Orre barnehage
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 7. mai

Orre barnehage søkjer éin eller to sommervikarar som har lyst til å vere saman med barn og delta i kvardagsaktivitetar og leik i barnehagen vår. 

Arbeidsperioden er i utgangspunktet frå midten av juni (eller før), gjennom juli og litt ut i august. Barnehagen er stengd i veke 30 og 31, noko som gir moglegheit for nokre veker ferie midt på sommaren. 

Vi ønskjer i utgangspunktet søkjarar over 18 år, mellom anna på grunn av reglar om teieplikt i barnehage. Dersom det viser seg vanskeleg å få tilsette over 18 år, kan det bli aktuelt å tilsetje søkjarar over 16 år. 

Arbeidsoppgåver

  • Delta aktivt i leik og aktivitetar saman med barna 
  • Vere med i daglege rutinar som uteleik, måltid og samlingsstund 
  • Bidra til omsorg, tryggleik og ei god barnehagekvardag 
  • Samarbeide med kollegaer i team 
  • Du vil alltid jobbe saman med erfarne vaksne og få tett oppfølging. 

Kvalifikasjonar

  • Du treng ikkje erfaring frå barnehage, men må ha lyst til å jobbe med barn 
  • God helse som er forenleg med ein aktiv arbeidskvardag i barnehage 
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg 
  • Har du anna morsmål enn norsk, må du dokumentere språknivå tilsvarande B1 
    (gjeld ikkje søkjarar med skandinavisk språk som morsmål) 
  • Før tiltreding må det leggjast fram: 
  • Gyldig politiattest etter barnehagelova 
  • Ved behov: tilfredsstillande tuberkulinstatus i tråd med gjeldande regelverk 

Personlege eigenskapar

  • Vi ser etter deg som: 
  • Har godt humør og er glad i å vere saman med menneske 
  • Er tålmodig og toler at det av og til er travelt og uforutsigbart 
  • Er nysgjerrig, lærevillig og positiv 
  • Er løysingsorientert og bidreg til eit godt samarbeid 
  • Personleg eignaheit vil bli lagt stor vekt på. 

Vi tilbyr

  • God opplæring og tett oppfølging 
  • Arbeid i team med erfarne og hyggelege kollegaer 
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Ein lærerik, sosial og meiningsfull sommarjobb 



    Vil du vite meir? 

    Ta gjerne kontakt med styrar i Orre barnehage: 
    Trine Vika Tengesdal, tlf 93021953 
 

Kontaktinformasjon

Trine Vika Tengesdal, Styrar, +47 93021953

Arbeidsstad

Theavegen 9
4343 Orre

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 5117726446
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Sluttdato: 14.08.2026
Søknadsfrist: 07.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Trine Vika Tengesdal

Styrar

+47 93021953

Om bedriften

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800  tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.

Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

Visjonen vår er «Med blikk for alle».  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.

Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3cd0c7e6-c48d-465a-b172-ae9361b61b59

Sist endret

22. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

ac0c12ed455f4fa890da9f46ac9db003

Lignende annonser

Laster lignende annonser