Fagarbeidar
Ål kommune Oppvekstsektoren
Torget 1, 3570 Ål
Om jobben
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 26. mars
Avdelingane i oppvekstsektoren har fokus på leik og leikbasert læring, praksisnær læring, styrkebasert tankesett, inkluderande praksis og spesialundervisning, og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid. Visjonen er at «alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige». Tett og tidleg på og auka læringsutbytte er sentrale mål.
Som fagarbeidar / assistent i barnehage må du først og fremst like å vera saman med barn, og klar for å leike saman med dei som ein fagprofesjonell.
Vi søkjer no etter ein 100 % vikar til Sundre barnehage med oppstart snarast, og fram til 07.08.26.
Kvalifikasjonar:- Ønskeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
- Eventuelt anna relevant utdanning / erfaring
Vi vektlegg personlege eigenskapar og ynskjer deg som
- Brenn for barnehageyrket og det beste for barna.
- Trivst i lag med små barn.
- Er utadvent og trygg på deg sjølv.
- Beherskar det norske tale- og skrivemålet godt.
- Er glad i å vere ute i all slags vêr, året rundt.
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Er fleksibel og løysingsorientert.
- Bidreg fagleg og sosialt i personalgruppa.
Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Vi tilbyr:- Barnehagar med eit god fagleg miljø.
- Personalgrupper som verdsett humor i kvardagen.
- Meiningsfullt arbeid med engasjerte kollegaer.
- Pensjonsordning i KLP.
- Lønn etter gjeldande tariffavtale.
- Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
- Gode stønadsordningar og moglegheiter for personleg vekst gjennom kurs og vidareutdanning.
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
- Intervju kan skje fortløpande i søknadsperioden.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3b94553d-89b6-4e6f-ab8a-62ddacdcf76c
- Sist endret
12. mars 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3584439_200323_nn