Avdelingsleiar Eidet omsorgssenter
Haram omsorgstenester, Haram kommune
Trolldalssletta 12, 6264 Tennfjord
Om jobben
- Oppstart
- 1. mai 2026
- Stillingstittel
- Avdelingsleiar Eidet omsorgssenter
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 17. mai
Vi søkjer etter ein engasjert avdelingssjukepleiar som er oppteken av leiing, fagutvikling og kompetanseutvikling i 100% fast stilling. Arbeidstid er for tida på dagtid med 37,5 t/veke, og med avtale om fleksitid.
Eidet Omsorgssenter er ein institusjon som driftar langtids- og demensplassar. Det er tett samarbeid på tvers av tenestenivåa og i leiarteamet. Den aktuelle stillinga er for tida knytt til avdeling 2, som består av 22 langtidsplassar. Eidet Omsorgssenter er organisert under Haram omsorgstenester, som består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø, der vi legg til rette for at dei tilsette har gode arbeidsvilkår og at brukarane mottek gode tenestar.
Kommunen er i gang med eit arbeid knytt til ny institusjonsstruktur, som vil vere svært positivt for innbyggjarar med behov for helse- og omsorgstenester. Dette er ein spennande og utviklande prosess der ein får høve til å vere tett på endring og fagleg utvikling. Avdelinga har oppgåvedeling etter TØRN-modellen, og kommunen har over tid arbeidd målretta med betre tenesteflyt. Som avdelingsleiar vil du få ei sentral rolle i vidareutviklinga av framtidsretta og berekraftige tenester
Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode og målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i
kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
- Mellomleiar med ansvar for dagleg, fagleg drift og personalansvar
- Leie og utvikle avdelinga i samsvar med vedtekne mål, budsjett, planar og overordna kommunale
føringar - Leie og utvikle avdelinga i samsvar med kommunen sine satsingsområde
- Leggje til rette for ein god dialog med brukarar, pårørande og andre delar av tenestetilbodet i
kommunen - Leggje til rette for eit godt samarbeid og skape aktive og motiverte tilsette
Kvalifikasjonar
- Bachelor i sjukepleie eller anna relevant helse-/-sosialfagleg utdanning
- Vidareutdanning i leiing/villig til å ta vidareutdanning i leiing
- Erfaring som leiar er ønskjeleg, men ikkje eit krav
- Beherske norsk som arbeidsspråk, både munnleg og skriftleg
- God kjennskap til, og forståing for kommunen sine oppgåver er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Vere engasjert i fag og leiing
- Evne til sjølvstendig, målretta, kreativt og innovativt arbeid
- Løysingsorientert med høg gjennomføringsevne
- Kunne sette deg raskt inn i nye oppgåver
- Gode kommunikasjonsevner
- Evne til å skape tillit, lytte og til å vere til stades
- Fleksibel, nytenkande og løysningsorientert
- Evne til å bygge nettverk, gode samarbeidsevner og like å jobbe i team
- Trivast å jobbe med menneske og like å rettleie andre
Vi tilbyr
- Fleksitid
- Eit godt og engasjert fagmiljø der vi er opptekne av utvikling og velferdsteknologi
- Eit godt samarbeidsklima i leiarteamet
- Ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i ein framoverlent
kommuneorganisasjon - Lønn etter avtale
- God pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Maria Elizabeth Marthinussen, Tenesteleiar, 94051001, maria.elizabeth.marthinussen@haram.kommune.noArbeidsstad
Trolldalssletta 126264 Tennfjord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5117192205
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.05.2026
Søknadsfrist: 17.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3b91af1f-fee8-41d1-a12a-e1387c605c4b
- Sist endret
4. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
de02d22288b94743893b4c295a138e85