Pedagogisk leiar- fast stilling
Tennfjord barnehage, Haram kommune
Trolldalssletta 18, 6264 Tennfjord
Om jobben
- Oppstart
- 3. august 2026
- Stillingstittel
- Pedagogisk leiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest fredag 12. juni
Tennfjord barnehage skal utvide drifta si og treng fleire tilsette. Vi har no ledig ei stilling som pedagogisk leiar.
Tennfjord barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader med kort veg til skog, fjell og fjøre – område vi brukar aktivt gjennom heile året. Barnehagen har 83 barn og 24 tilsette, fordelt på fem basar per i dag. Hos oss møter du eit godt fagmiljø med engasjerte tilsette som har lang erfaring og stor omsorg for barna.
Vi søkjer deg som er aktiv, leiken, omsorgsfull og fagleg engasjert – ein trygg vaksen som ønskjer å vere ein viktig del av barna sin kvardag. Har du eit brennande engasjement for barn og vil bidra til å gi dei ein trygg og god oppvekst, håpar vi nettopp du vil søkje stillinga hos oss.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune med fokus på gode og heilskaplege tenester. Vi jobbar fleksibelt og på tvers for å skape kvalitet for innbyggjarane våre – og vi spelar kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
- Iverksette og leie det pedagogiske arbeidet i si gruppe, i nært samarbeid med barnehagelærar og det øvrige personalet
- Rettleie og sørgje for at barnehagelova og rammeplanen vert oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet
- Leie arbeidet med planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa eller innanfor dei områda du er sett til å leie
Kvalifikasjonar
- Levere oppdatert politiattest
- Jobbe i tråd med barnehagelova
- Ha gode norskkunnskapar. Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk må fylle språkkrav, jamfør Barnehagelova § 28
- Jobbe i tråd med Haram kommune sine retningslinjer
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som har evne til å:- Vere løysingsorientert, fleksibel og open for endring, samt å arbeide etter Tennfjord barnehage sin visjon; Vi gjer kvarandre gode
- Jobbe sjølvstendig og vere synleg i gruppa
- Motivere og vere ein pådrivar i både det praktiske og faglege arbeidet
- Bruke kompetansen du har, samt halde deg oppdatert både fagleg og det som elles skjer på eigen arbeidsplass
- Vere kreativ, jakte på nye idear og vise vilje til nyskaping
- Vere bidragsytar i ein levande og lærande organisasjon, både i kvardagen og på personalmøte, planleggingsdagar og i oppfølging av kurs
- Reflektere over eige arbeid og søkje rettleiing ved behov
- Jobbe målretta, syne handlekraft, organisere og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus
- Samarbeide med styrar, pedagogisk leiar, andre tilsette, føresette og eksterne samarbeidspartnarar, som til dømes skule, PPT, barnevern og helsestasjon
- Vere ein god rollemodell
- Vere inkluderande og bidra til eit godt arbeidsmiljø/ psykososialt miljø for både barn og vaksne og utøve nulltoleranse for mobbing og andre krenkingar jf barnehagelova
- Sikre barn sin rett til medverknad og involvering
Personlege eigenskapar og gode referansar vil bli vektlagt. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Eit utviklingsorientert fagleg miljø og stimulerande omgjevnader
- Løn etter gjeldande tariff
- God pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Gro Olsen Jenssen, Styrar, 95199275, gro.olsen.jenssen@haram.kommune.noArbeidsstad
Trolldalssletta 186264 Tennfjord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5131032504
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 03.08.2026
Søknadsfrist: 12.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
beff9e94-4235-44a3-8e08-4be41a42f99c
- Sist endret
26. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2ae1d6d0afe34243bf2d9fe27a500468