Kundeveileder
NGIR
Lindåsvegen 1260, 5956 Hundvin
Om jobben
- Stillingstittel
- Kundeveileder – ferie- og ringevikar
- Type ansettelse
- Sesong, deltid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 2. mars
NGIR søkjer no ferie- og ringevikarar til gjenvinningsstasjonane våre på Kjevikdalen, Mjåtveit, Manger og Litlås. Jobben passar perfekt for deg som er student, ønskjer ekstra inntekt ved sida av ein anna jobb, eller trivst med ein aktiv og sosial arbeidsdag.
ArbeidsoppgåverSom kundeveileder får du ein variert og meningsfull arbeidskvardag. Du vil blant anna:
-
gjennomføre mottakskontroll på stasjonen
-
gje god service og fagleg rettleiing til kundar
-
bidra til at stasjonen alltid er ryddig, trygg og presentabel
-
handtere praktiske driftsoppgåver ved behov
Du som:
-
er over 18 år
-
er serviceinnstilt, imøtekomande og trygg i møte med kundar
-
har fokus på helse, miljø og tryggleik (HMT)
-
jobbar strukturert, sjølvstendig og har god ordenssans
-
trivst i eit hektisk, sosialt miljø og tek nye oppgåver raskt
-
kommuniserer godt på norsk -- både skriftleg og munnleg
Det er ein fordel om du har erfaring frå kundebehandling eller sal.
Du må ha: førarkort klasse B.
Det er ønskjeleg, men ikkje krav: truckførarbevis T4 og hjullastar M4.
Grunnleggande datakunnskapar er òg viktig.
Vi legg stor vekt på dine personlege eigenskapar.
Arbeidstid og oppmøteArbeidet skjer innanfor NGIR sine opningstider. Alle stasjonane har ope på laurdagar, og dette er dei dagane vi primært treng deg -- men det vil også vere vakter i vekedagane og i feriar.
Kvifor jobbe hos oss?Hjå NGIR får du:
-
ein aktiv og variert arbeidsdag ute i frisk luft
-
eit hyggjeleg, inkluderande og livleg arbeidsmiljø
-
kollegaer som gjerne deler erfaring og hjelper deg i gang
-
moglegheit til å bidra til ei viktig miljøoppgåve i lokalsamfunnet
Ta gjerne kontakt med leiar for gjenvinningsstasjonane, Ebba Fjeldstad, på 488 96 148 om du lurer på noko.
Send søknad elektronisk via søkjefunksjonen i utlysinga på Finn.no.
Vi gler oss til å høyre frå deg!
Om bedriften
Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS (NGIR) vart skipa i 1981 og har i dag meir enn 80 tilsette. Selskapet er eigd av kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Solund. NGIR samlar inn og handsamar avfall frå omlag 15 000 hushald, og 7000 hytter i medlemskommunane. NGIR har høg grad av kjeldesortering hjå innbyggjarane, og arbeidar for avfallsreduksjon til beste for miljø og klima.
NGIR Næring AS er ei nyoppretta avdeling i NGIR som tilbyr avfallsløysingar, rådgjeving og tenester til industri og næringsliv i regionen, og ønskjer å vere ein pådrivar og støtte til den sirkulære omstillinga i næringslivet.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3b5446fb-28f8-49a4-8e67-f4ce9573ee75
- Sist endret
18. februar 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
451352404
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Wergeland
Sted
Dalsøyra
Miljøtenesta (helse). Sommarvikarar 2026
Arbeidsgiver
Gulen kommune
Sted
Dalsøyra
Medarbeider Kundesenter
Arbeidsgiver
SAR AS
Sted
Mongstad