Radiograf til ledige vikariat ved MR-seksjonen Radiologisk avdeling
Radiologisk avdeling, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Ledige vikariat som radiograf MR-seksjonen Radiologisk avdeling
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 28. juni
Radiologisk avdeling er ei høgteknologisk avdeling i stadig endring. Avdelinga har meir enn 350 tilsette, der om lag 160 er radiografar. Avdelinga er inndelt i fleire seksjonar med eiga leiing. Radiologisk avdeling har ein moderne utstyrspark og utfører dei fleste undersøkingar.
MR seksjonen har 34 tilsette, av desse 4 merkantile og 27 radiografar og ein leiar. Vi er stasjonert i sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus. MR seksjonen driftar 6 MR maskinar kor av 3 maskinar er 3T og 3 maskinar er 1,5T. Maskinleverandør er GE (2 stk) og Siemens (4 stk). MR-seksjonen har i hovudsak inneliggande pasientar og pasientar frå intern poliklinikk. Vi utfører også mykje spennande forsking i samarbeid med andre. Vi har turnus med helg, samt bakvaktsordning på natt.
Ved seksjon for MR er det ledig to 100% vikariat som radiograf. Oppstart så snart som mogeleg. Eit av vikariata er ut 2026, det andre er ut oktober 2026 med moglegheit for forlenging.
Arbeidsoppgåver
- Radiograffaglege oppgåver
- Pasientadministrasjon
- Delta i seksjonen sine interne kontrollrutinar
- Delta i fagleg utvikling av seksjonen
Du må
- ha norsk autorisasjon som radiograf
- kunne meistre norsk godt både munnleg og skriftleg
- ha gode IKT-kunnskapar
- relevant MR erfaring kan bli vektlagt
Vi ser føre oss at du som søkar
- behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
- trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø
- har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
- er fagleg interessert, fleksibel og sjølvstendig
- er strukturert, nøyaktig og påliteleg
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Audun Grimstad Selvåg, Seksjonsleiar, 452 19 195, audun.grimstad.selvag@helse-bergen.noArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 BERGEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5145073319
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 28.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3ac6d647-cf93-440a-848d-9f06266d23e1
- Sist endret
12. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
fc6a6133124c4ef3b0af7ac68db90379