Hopp til innhold

Vil du vere med å skape vekst for Sogndal Fotball?

Arbeidsgiver

SOGNDAL IDRETTSLAG FOTBALL

Sted

Trolladalen 30, 6856 Sogndal

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Sals- og marknadsansvarleg
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Me søkjer ein relasjonssterk og handlekraftig sals- og marknadsansvarleg som skal styrke klubben sitt arbeid med sal, partnarskap og synlegheit.

Stillinga er sentral i klubben si vidare utvikling, og du vil jobbe tett med fagområda kommunikasjon, merkevarebygging, forretningsutvikling og arrangement.

Om rolla
Som sals- og marknadsansvarleg får du eit heilskapleg ansvar for å utvikle og levere på klubben sitt kommersielle arbeid.

Ein sentral del av rolla er å drive aktivt og oppsøkjande sal, og å etablere samarbeid som styrkar klubben sitt økonomiske grunnlag. Du må trivast med å jobbe målretta med salsaktivitet, relasjonsbygging og lukking av avtalar.

Du vil spele ei nøkkelrolle i å skape verdi for både klubben og samarbeidspartnarane våre. Rolla vil jobbe tett med klubben si nye satsing på kommunikasjon, for å sikre at innhald og synlegheit også gir kommersiell verdi.

Ansvarsområde
  • Aktivt sal mot nye og eksisterande samarbeidspartnarar

  • Utvikle og følgje opp sponsor- og partnaravtalar

  • Strukturere og selje kommersielle rettar (eksponering, innhald, opplevingar)

  • Planlegge og gjennomføre marknadsaktivitetar og kampanjar

  • Bidra til gode publikums- og partnaropplevingar i samarbeid med arrangement

  • Tett samarbeid med kommunikasjon for å kommersialisere innhald og flater

  • Ansvar for å nå fastsette sals- og inntektsmål

Kven ser vi etter?

Me ser etter deg som kombinerer kommersiell teft med relasjonsbygging og gjennomføringsevne.

  • Erfaring frå sal, marknad eller forretningsutvikling

  • Trivst med oppsøkjande sal og å jobbe med konkrete resultatmål

  • Dokumenterte salsprestasjonar og evne til å lukke avtalar

  • Evne til å forstå og skape verdi for partnarar

  • Evne til å jobbe strukturert med salsprosessar, aktivitet og oppfølging

  • Gode kommunikasjonsevner og ein lagspelar

  • Interesse for idrett og lokalt næringsliv er ein fordel

Kvifor jobbe i Sogndal Fotball?
  • Ei sentral rolle i utviklinga av klubben sitt kommersielle arbeid

  • Moglegheit til å jobbe med sterke merkevarer og engasjerte partnarar

  • Eit sterkt fagmiljø på Fosshaugane Campus

  • Ein variert kvardag tett på toppfotball, frivilligheita og lokalsamfunnet

Satsing framover
Sogndal Fotball har ei tydeleg satsing på kommunikasjon, synlegheit og merkevarebygging. For å lukkast kommersielt, må dette arbeidet koplast tett til sal og partnarverdi.

Som sals- og marknadsansvarleg skal du vere med å omsette dette til konkret verdi gjennom sal, relasjonar og partnarskap.

Søknadsinformasjon
Søknadsfrist: 15. april 2026

Kortfatta søknad med CV sendast til ingrid.narum@sogndalfotball.no.
Søknader vurderast fortløpande.

Tiltreding etter avtale.
Arbeidsstad er Sogndal.

Om bedriften

Sogndal Fotball er ein tradisjonsrik klubb og har i fleire tiår vore ein sentral aktør i norsk toppfotball. Klubben held til på Fosshaugane Campus i Sogndal og spelar i OBOS-ligaen (1. divisjon).

Sogndal Fotball er kjend for sterk lokal forankring, solid talentutvikling og eit tett samarbeid med næringsliv og region. Klubben har gjennom generasjonar vore ein viktig samfunnsaktør og stoltheit for Sogn og for Sogn og Fjordane, og har utvikla ei rekkje spelarar og trenarar til toppnivå nasjonalt og internasjonalt.

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3abd7bce-f1a6-49b6-962c-eb07cbfc537c

Sist endret

16. april 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

458515562

Lignende annonser

Laster lignende annonser