Hopp til innhold

Extra Sogndalsfjøra søkjer butikkmedarbeider deltid

Arbeidsgiver

Coop Nordvest SA

Sted

6856 Sogndal

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
3
Arbeidsspråk
Norsk

Vi har ledig stilling med ein stillingsgrad på 30-40%, og søkjer ein engasjert og blid medarbeidar. Stillinga ligg i turnus med faste arbeidsvakter på dagtid, kveld og annakvar laurdag. Det blir høve til ekstra timar ved fråvær i butikken, og i høgsesongar og feriar.  Du må ha fylt 18 år, og du må kunne snakke og skrive norsk. 

Arbeidsoppgåver
  • Kundebehandling
  • Kasse
  • Varemottak / vareplassering
  • Førefallande reinhald og rydding

 

Våre forventningar til deg: Du er hjelpsam og imøtekommande, og trivst med sal og kundebehandling. Du jobbar effektivt og målretta, kan vere fleksibel, og jobbar godt både sjølvstendig og i team. Det er viktig for oss at du medverkar til eit godt arbeidsmiljø i butikken og trivsel for kundane våre.

Vi kan tilby varierte arbeidsoppgåver og ordna tariffbaserte løns- og arbeidstilhøve. Du får nødvendig opplæring og ytterlegare kompetanseheving gjennom våre e-læringskurs. Du blir medlem av vår innskotsbaserte pensjonsordning med eigensparing, og er dekka av våre forsikringsavtaler. Vi har rabattavtaler for tilsette.

Spørsmål om stillinga kan rettast til butikksjef 

Søknad og CV registrerast digitalt.

Søknadsfrist: 10.05.2026

 

Om bedriften

Coop Nordvest SA er eit av dei største samvirkelaga i Coop i Norge, med 6 milliardar i omsetnad og ca. 2200 medarbeidarar. Vi har butikkar i 46 kommunar, frå Åfjord i nord til Lærdal i sør, i Trøndelag, Møre og Romsdal og Vestland fylke. Vår verksemd er i første rekke innan daglegvare, i tillegg har vi ein del faghandels- og byggevarebutikkar. Vi er eigd av våre 189 000 medlemmar, og vert drive etter samvirke-prinsippa. Vi har kontor på Orkanger, i Ålesund og i Førde. Vi har som mål å vere eit av landets best drivne samvirkelag. Som ein regionalt stor aktør i ein konkurranseutsett bransje, møter vi heile tida nye konkurranseforhold og utfordringar. Måten vi møter dei på, avgjer om kunden framleis vil velje oss framfor konkurrentane.

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e6a7fe03-fe0c-4038-9a62-a0219a08e62b

Sist endret

11. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

8ab6c9a45f5d48f3bcb7c4dd8f673680

Lignende annonser

Laster lignende annonser