Hopp til innhold

Lærar i Game Music på Sunnhordland folkehøgskule for skuleåret 2026-27

Arbeidsgiver

Sunnhordland folkehøgskule

Sted

Naustvikvegen 26, 5455 Halsnøy Kloster

Om jobben

Stillingstittel
Lærar i Game Music
Type ansettelse
Fast, deltid
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 14. mai

Er du vår nye kollega? Sunnhordland folkehøgskule søkjer etter lærar i Game Music i ein 70**% fast stilling**. I stillinga inngår tilsyn og sosialpedagogiske oppgåver knytt til elevane og elevinternatet.

Om du har kompetanse innan marknadsføring, kan stillinga aukast noko.

Ønskte kvalifikasjonar og ferdigheiter:
  • Musikkfagleg utdanning / realkompetanse på området

  • Har erfaring med interaktiv musikk som kan tilpassast spelmekanikk

  • Kan lage musikk i ulike sjangre, eks; 8-bit, orkester, verdensmusikk med meir

  • Har gode ferdigheter i bruk av digital audio workstation (DAW) Me nyttar Ableton

  • Erfaring innan lyddesign

  • Implementering i spelmotorar med FMOD

Vi søkjer deg som:
  • identifiserer deg med verdigrunnlaget til skulen

  • er glad i å jobbe med ungdom i eit kreativt miljø

  • er allsidig, fleksibel og løysingsorientert

  • kan arbeide sjølvstendig, men òg trivst med å jobbe i team

  • er strukturert og til å stole på

  • brenn for faget ditt

  • ønskjer å bidra i skulen sitt utviklingsarbeid og tverrfaglege arbeid

  • kan ha noko av arbeidstida på ettermiddag/kveldstid

  • er komfortabel med å ha tilsyn i internatet med overnatting på skulen

Du vil fungere som hovudlærar/kontaktlærar på linja og følgjeleg ha ansvar for oppfylging av elevar. Mykje av undervisninga er prosjektbasert. Inkludert i arbeidet ligg studiereiser til både storbyar og til lokale arrangement.

Fint om du òg kan undervise i andre fag (valfag/fellesfag). Vi legg vekt på kreative prosessar og tverrfagleg samarbeid, danning og personleg utvikling i eit heilskapleg læringsmiljø. Ikkje minst er det mykje samarbeid på tvers av dei ulike linjene.

Sunnhordland folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule med 102 elevplassar. Skulen ligg vakkert til like ved sjøen på Halsnøy, sør for Bergen og med god korrespondanse til Bergen og Flesland.

Vi har ein skuleprofil med vekt på estetiske fag. Vi har linjefaga Skuespiller, Kunst+, Game Music, Game Art og Game Design. Med heile 3 linjer innanfor spelutvikling, kan me tilby eit godt fagmiljø for deg som er interessert i undervisning innan heile spelfaget.

Arbeidsmiljøet ved Sunnhordland folkehøgskule er godt. Det er inkluderande og kreativt og alle dei tilsette jobbar saman for at elevane skal trivast hjå oss.

Lønn og arbeidsvilkår etter avtaler i folkehøgskulen.

For meir informasjon om stillinga: kontakt lærar og ass.rektor Alejandro Villanueva Gomez på tlf:98081297 , eller Bente Sjo, rektor, på tlf. 96004066.

Send søknad med cv til rektor@sunnfolk.no innan 14.mai 2026

Velkomen med søknad.

Om bedriften

Sunnhordland folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule med 102 elevplassar. Skulen ligg vakkert til like ved sjøen på Halsnøy, sør for Bergen og med god korrespondanse til Bergen og Flesland. Vi har ein profil med vekt på estetiske fag med linjefaga Skuespill, Kunst+, Game Music, Game Art og Game Design. Vi legg vekt på kreative prosessar og tverrfagleg samarbeid, danning og personleg utvikling i eit heilskapleg læringsmiljø. Ikkje minst er det mykje samarbeid på tvers av dei ulike linjene.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

39c92be8-a220-45d3-bca0-e4fad3136fcb

Sist endret

30. april 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

461525141

Lignende annonser

Laster lignende annonser