Hopp til innhold

Vil du vere med å vidareutvikle Bjørnafjorden kulturskule?

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Bjørnafjorden kulturskule

Sted

Mobergsbakken 20, 5200 Os

Om jobben

Stillingstittel
Ledig vikariat som messinglærar i Bjørnafjorden kulturskule
Type ansettelse
Vikariat, deltid 24%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 31. mai

Bjørnafjorden kulturskule har ledig vikariat som messinglærar i 24,12 % stilling i perioden medio september 2026 til 31. juli 2027.

Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i Bjørnafjorden kulturskule, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.

Arbeidsstad
Bjørnafjorden kulturskule (Osøyro).

Arbeidsoppgåver
- Ansvar for messingundervisning i kulturskulen.
- Ansvar for eigne prosjekt/arrangement og samarbeidsprosjekt med andre lærarar, samt samarbeid med dei lokale skulekorpsa der det er naturleg.
- Stillinga inneber arbeid på ettermiddag- og kveldstid.

Kvalifikasjonar 
- Minimum 3-årig relevant musikkfagleg høgskuleutdanning og pedagogisk utdanning eller relevant undervisningserfaring. Utanlandsk utdanning må være godkjent av HK-dir.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
- I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Eigenskapar  
- Relevant utdanning eller opparbeida realkompetanse vil i spesielle tilfelle kunne kome i betraktning.
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- God datakompetanse.
- Evne til å jobbe systematisk og sjølvstendig både internt og eksternt.
- Godt utvikla formuleringsevner både munnleg og skriftleg
- Personleg eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Løn etter gjeldande avtalar.
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anordninga ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Vi vil aldri be søkar om BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Kontaktperson
For nærare opplysningar, kontakt rektor Christian Breistein på tlf. 56 57 52 48 / 977 77 341 eller på e-post: cbr@bjornafjorden.kommune.no


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Christian Breistein

Rektor

+47 977 77 341 +47 56 57 52 48

cbr@bjornafjorden.kommune.no

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2eaed9d9-5778-489a-bd19-bdfcf3bb8f3f

Sist endret

13. mai 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3627889_207801_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser