ID 2445 Fagarbeidarar/assistentar - Hystad skule
Stord kommune
Stord
Om jobben
- Oppstart
- Etter avtale
- Stillingstittel
- Fagarbeidar, assistent
- Type ansettelse
- Fast, deltid 10%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. april
Etter innføring av gratis kjernetid i SFO opplever me ein stor auke i elevtal, og har difor behov for å rekruttera fagarbeidar / assistent til SFO -- i første omgang ved Hystad skule, men det kan òg bli aktuelt med behov ved andre skular i kommunen.
Me har både behov for tilsetjing på kort varsel, og for tilsetjing frå skulestart i august 2026.
Om stillinga-
Stillingane kan vera faste eller vikariat
-
Stillingsstorleik: om lag 40--50 %
-
Arbeidstid:
-
morgon: 06:30--08:30
-
ettermiddag: 13:00--16:30
-
Det må påreknast arbeid heile dagar i skulefrie periodar, i tråd med skuleruta
SFO er ein viktig del av kvardagen til barna. Her skal dei oppleva:
-
tryggleik og gode relasjonar
-
leik, aktivitet og meistring
-
ein god overgang mellom skuledag og fritid
Som tilsett i SFO er du ein viktig del av laget rundt barnet, og bidreg til eit heilskapleg og inkluderande tilbod i tett samarbeid med skule og føresette.
Kven ser me etter?Me ser etter deg som:
-
likar å vera saman med barn og trivst i ein aktiv kvardag
-
er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen
-
forstår kor viktig SFO er for trivsel, inkludering og utvikling
-
bidreg positivt til fellesskap og samarbeid
-
kan jobba sjølvstendig, men også godt i lag med andre
-
du er leiken, engasjert og til stades
-
du har gode samarbeidsevner
-
du er fleksibel og løysingsorientert
-
du bidreg til eit trygt og godt arbeidsmiljø
-
Det er ein fordel med erfaring frå arbeid med barn, anten frå SFO, barnehage, skule, fritidsaktivitetar eller anna relevant arbeid.
-
Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ein fordel, men ikkje eit krav.
-
Tilsetjing føreset godkjend politiattest i tråd med opplæringslova.
-
ein meiningsfull jobb der du gjer ein forskjell for barna kvar dag
-
eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
-
varierte arbeidsdagar prega av leik, aktivitet og fellesskap
-
løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk
-
offentleg tenestepensjon
For nærare opplysningar, kontakt rektor Pål Helland tlf: 970 16 705
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
39a22d54-6729-41bb-889b-11a987588285
- Sist endret
14. april 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
39a22d54-6729-41bb-889b-11a987588285