Seniorrådgivar - klimatilpassing
Miljødirektoratet
Grensesvingen 7, 0661 Oslo
Om jobben
- Stillingstittel
- Seniorrådgivar - klimatilpassing
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 7. april
Om stillinga
Er du interessert i å jobbe med ei av dei største utfordringane samfunnet står i? Vi ser etter ein kunnskaps- og utviklingsorientert kollega som ønskjer å jobbe med tilpassing til eit klima i endring. Du må like å jobbe med komplekse og samansette saker og evne å sjå løysingar på tvers av fagområde.
I denne stillinga vil du samarbeide tett med andre direktorat, forskarar og andre aktørar med kunnskapsutvikling og rettleiing for å førebu samfunnet på konsekvensar av eit klima i endring. I tillegg til å bidra til utviklinga av Noregs klimatilpassingspolitikk i åra som kjem, med fagfeltet klimatilpassing og den nasjonale koordinerande rolla til Miljødirektoratet.
Stillinga er plassert i seksjon for arealplan og klimatilpassing, som jobbar med ivaretaking av klima- og miljøomsyn i arealplanlegging og med klimatilpassing retta mot nasjonale myndigheiter og kommunal og regional forvalting. Seksjonen har i dag 21 medarbeidarar. I arbeidet med klimatilpassing rådgjer og støttar vi Klima- og miljødepartementet med å leggje til rette for regjeringa sitt heilskaplege arbeid med klimatilpassing, følgje opp stortingsmeldinga på klimatilpassing og har ansvaret for koordinering av klimatilpassing på statleg nivå.
Seksjonen har medarbeidarar både på Brattøra i Trondheim og på Helsfyr i Oslo. Geografisk plassering av denne stillinga er på Helsfyr i Oslo.
Stillinga sine hovudansvarsområde
- være ein sentral bidragsytar og deltakar i sluttføringa og oppfølginga av prosjektet med å utvikle ei nasjonal klimasårbarheitsanalyse
- bidra i oppfølging av ulike forventningar frå regjeringa i stortingsmeldinga om klimatilpassing
- delta i eller ta ansvar for ulike utgreiingsoppgåver
- rådgjeving og støtte til Klima- og miljødepartementet i ulike sakar (KLD)
Kompetansekrav
Kvalifikasjonar- Du har fullført utdanning på mastergradsnivå innan samfunnsvitskap, naturvitskap eller innan andre relevante fagområde.
- Du har nokre års erfaring frå sjølvstendig arbeid innanfor relevante fagområde og gjerne frå tverrfaglege miljø.
- Du har kunnskap om og erfaring med å jobbe med fagtema klimaendringar og klimatilpassing, og gjerne samfunnsomstilling og klimarisiko.
- Du har erfaring med utgreiingsarbeid, evalueringsarbeid og arbeid i eller mot offentleg forvalting.
- Du skriv og kommuniserer godt på norsk.
- Du har god samfunns- og forvaltningsforståing.
- Du er analytisk og har god evne til å vurdere heilskap og samanhengar på tvers av tema og fagområde.
- Du har interesse for klima og særleg naturens betydning i eit klima i endring, og kva det betyr i samfunnsutviklinga.
- Du jobbar sjølvstendig og systematisk, og evnar å levere i tide.
- Du er god til å samarbeide med andre for å få jobben gjort.
Vi tilbyr
- fast stilling som rådgivar eller seniorrådgivar med lønn i lønnsspennet frå kr. kr 680 000 til 900 000 etter erfaring og kvalifikasjonar. Særskilt kvalifiserte søkarar kan vurderast høgare.
- utfordrande arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
- gode høve for fagleg og personleg utvikling
- eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert trening i arbeidstida
- fleksible arbeidstidsordningar og gode pensjons- og bustadlånordningar i Statens pensjonskasse
Har du spørsmål?
Kontaktpersoner for stillinga er seksjonsleiar Steinulf Hoel, tlf. 91582878/e-post steinulf.hoel@miljodir.no eller faggruppeleiar Ida Marie Gildestad på e-post ida.gildestad@miljodir.no/tlf. 95868424
Oppgi referansenummer 21-2026 LAK når du tek kontakt.
Generelle opplysningar
Du må søkje på stillinga via Jobbnorge.no. Skriv søknaden på norsk, og legg ved relevante attestar og utdannelse tatt i utlandet. Vitnemål for utdannelse tatt i Norge må du laste opp i Vitnemålsportalen.
Søkjarlistene blir offentlege når søknadsfristen har gått ut. Om du ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngi kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får høve til å trekkje søknaden din.
Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjingar, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om dette på Statens arbeidsgivarportal. Avkryssinga blir også brukt i ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder har med i årsrapportane sine.
Meir informasjon om korleis vi handterer opplysningar om deg som søkjar, kan du finne i personvernerklæringa vår.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Hovudoppgåvene våre er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining.
Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har om lag 830 fast tilsette ved kontora våre i Trondheim, Oslo Svolvær og Tromsø, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor. I tillegg har vi om lag 130 deltidstilsette rovviltkontaktar over heile landet.
Det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene i Miljødirektoratet. Vi utviklar og følgjer opp regelverk, gir råd til Klima- og miljødepartementet, gjennomfører samfunnsøkonomiske analysar, overvaker og kartlegg artar, fører oppsyn og tilsyn, regulerer nasjonalparkar og naturreservat. Nokre oppgåver krev at tilsette med ulik fagkompetanse jobbar saman på tvers. På den måten sikrar vi størst mogleg fagleg tyngd i leveransane våre. Vi lærer av kvarandre og utviklar oss internt. Andre arbeidsoppgåver krev sjølvstendig jobbing. For å løyse samfunnsoppdraget vårt på best mogleg vis, treng vi medarbeidarar i alle aldrar med ulike fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaringar og perspektiv. Er du kvalifisert til ei ledig stilling, oppfordrar vi deg til å søkje.
Sjå alle ledige stillingar i Miljødirektoratet.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
395bc87a-b932-47e4-8c81-02708aba19ed
- Sist endret
17. mars 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10287166