Kyrkjetenar / gravplassarbeidar
Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd
Øyro 49, 5200 Os
Om jobben
- Stillingstittel
- Kyrkjetenar / gravplassarbeidar
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 80%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Er du interessert i gode menneskemøte i kombinasjon med praktisk arbeid som gjer ein skilnad for andre? Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd har ledig 80% stilling som kyrkjetenar/ gravplassarbeidar, med arbeidsstad i Os sokn. Stillinga er eit vikariat fram til 1.juni 2026.
Som kyrkjetenar har du ein viktig vertskapsrolle for gravferder, vigsler, konserter og gudstenester i Os og Nore Neset kyrkje. Her er godt team-arbeid med prest, organist og andre medarbeidarar ein nøkkel. Du får oppgåver og ansvar innanfor enkel teknikk, praktisk tilrettelegging, branntryggleik og liknande. Ikkje minst er du med på å ta alle som kjem til kyrkja i mot på ein god måte. Det er eit godt fagfellesskap med andre kyrkjetenarar og gravplassarbeidarar i Os sokn. Du må rekne med ein arbeidsturnus med vakt kvar tredje helg, og etter oppsett plan i samband med kyrkjelege høgtider.
Som gravplassarbeidar deltek du i vedlikehald og stell av gravplassar og kyrkjegardar, samt førebuing til gravferd og andre forefallande oppgåver. Du får naudsynt opplæring og vegleiing, og blir del av eit positivt arbeidslag. Gode praktiske dugleikar og evne til sjølvstendig arbeid og problemløysing kjem deg til gode i denne rolla.
Arbeidsstad er primært Os sokn, som har 2 kyrkjer og 3 gravplassar. Driftsavdelinga du blir ein del av har òg oppgåver i Fusa sokn (4 kyrkjer, 1 kapell og 8 gravplassar).
Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd består av Os og Fusa sokn og har 6 kyrkjer, 1 kapell, 11 kyrkjegardar/gravplassar og 28 tilsette. Tunet kyrkje- og kultursenter huser kontorar, akitivitetslokalar, lunsjrom og arbeidsfellesskap på Os-sida av kommunen. Os kyrkje er ei listeført trekyrkje frå 1870 sentralt på Osøyro, medan Nore Neset kyrkje vart innvigd i 2000. I 2025 utførast utviklingsprosjekt på Nore Neset kyrkjegard som utvider kapasiteten for urnegravar og namna minnelund.
Arbeidsoppgaver
- Praktiske oppgåver knytt til førebuing og gjennomføring av gudstenester, gravferder og annan kyrkjeleg aktivitet
- Praktiske oppgåver på kyrkjegard/gravplass i samråd med driftsleiar
- Delta i planleggingsmøter og stabsmøter
- Det må påreknast å jobbe i høgtider, helger og noko kveldsarbeid
Kvalifikasjoner
- Relevant utdanning og erfaring er ynskjeleg
- Praktisk og teknisk innsikt
- Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
- Søkar må ha førarkort min. klasse B
Merk dessutan:
- Den som blir tilsett må vera medlem av Den norske kyrkja
- Tilsetting krev framvising av tilfredsstillande politiattest, jf. Trussamfunnslova § 20
Personlige egenskaper
- Sjølvstendig, med god ordenssans og gjennomføringsevne
- Lagspelar med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Vera serviceorientert og møte menneske på ein open og imøtekomande måte
- Personleg eignaheit vil bli vektlagd
Vi tilbyr
- Engasjerte og fagleg dyktige kolleger
- Spennande og allsidige arbeidsoppgåver med meining
- Løn etter tariffavtale
- Pensjonsordning i KLP, samt gruppelivs- og yrkesskadeforsikring
Kontaktinformasjon
Sigurd Rotvik Tunestveit, fung. kyrkjeverje, 938 69 109Kenneth Molland, driftsleiar, 91 74 91 90
Arbeidssted
Øyro 495200 Os
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bjørnafjorden kyrkjelege fellesrådReferansenr.: 5022372446
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Søknadsfrist: 12.10.2025
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
38bc70e8-5120-4108-a543-6b68f8fba4f9
- Sist endret
13. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
192c7ddabe5b401a98318c35b1165052
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Heimetenester Os
Sted
Os
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
Sted
Os
Helgestillingar
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
Sted
Os
Arbeidsgiver
Tysnes kommune
Sted
Uggdal