Hopp til innhold

Er du vår nye kollega ?

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester

Sted

Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Helgestillingar
Type ansettelse
Fast, deltid 13%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
13
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Tilrettelagte tenester, for tida ved avdeling Kuhnletunet bustader, har fleire ledige faste helgestillingar.

Stillingane er i turnus med arbeid kvar 3. helg i varierande stillingsstorleik (13-18 %)

Ønskjer du å blir ein del av vårt arbeidsmilljø og bli vår nye kollega ? er du hjarteleg velkommen som søkjar.

Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til vaksne og barn med ulike funksjonsnedsettingar, i hovudsak personar over 18 år i bufellesskap.
Kuhnletunet Bustader ligg nokre minutt i frå Os sentrum. Bufellesskapet gjev tenester til bebuarar med varierande bistandsbehov.

Arbeidsoppgåver
  • Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukermedvirking og førebygging. 
  • "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar.
  • Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar.
  • Målretta miljøarbeid 

Kvalifikasjonar
Til helgestillingar ønskjer vi særleg å rekruttere deg som er student innan helse, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning. Andre søkjarar med anna utdanning eller erfaring kan ôg vera aktuelle. Søkjarar som er ufaglært, men har interesse for å jobbe med menneske, og som på sikt kunne tenke deg å ta ei relevant utdanning er òg velkommen til å søkja.
Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mulig kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.
Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.

Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet 

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Vi tilbyr:
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtaler. 
Løn etter gjeldande avtaler og med eigen avlønning for studentar med relevant utdanning. 

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.  

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. 
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.  

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

bf4c6766-f72e-4c42-a635-879cf545f6e5

Sist endret

15. desember 2025

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3566665_196017_nn

Lignende annonser