Hopp til innhold

Åseral kommune søkjer Byggdriftar og eigedomsforvaltar

Arbeidsgiver

Åseral kommune

Sted

Bordalsbakken 10, 4540 Åseral

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Åseral kommune søkjer bygg- og eigedomsforvaltar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Eininga drift og vedlikehald har ansvar for drift av vatn- og avlaupsanlegg, bygg, vegar, kyrkjegardar og parkar/grøntanlegg.

Vil du vere med å sikre god drift og utvikling av kommunale bygg og eigedomar?

Åseral kommune søkjer ein strukturert og engasjert bygg- og eigedomsforvaltar som kan kombinere administrativ oversikt med praktisk gjennomføring.

Om stillinga:

Stillinga skal sikre heilskapleg og effektiv forvaltning, drift og vedlikehald av kommunale bygg og eigedomar. Du vil vere eit sentralt kontaktpunkt og bindeledd mellom ulike faggrupper, leigetakarar og kommunen som grunneigar. Arbeidet er viktig for å møte krav til kvalitet, tryggleik, økonomi og miljø.
Dersom bygg- og eigedomsforvaltar vert rekruttert internt, vil det bli ledig ei stilling som fagarbeidar ved eining for drift og vedlikehald.


Arbeidsoppgåver

Administrativt ansvar:
  • Vedlikehaldsplanar og materialoversikt
  • Koordinering av vedlikehald
  • Prosjekt-/prosessleiar i enkelte prosjekt kan bli aktuelt
  • Oversikt over kommunale eigedomar og leigetilhøve
  • Utarbeiding og oppfølging av leigeavtalar
  • FDV ansvarlig
  • Brannkoordinator
Praktisk drift:
  • Tilsyn og vedlikehald av bygg
  • Kontroll av brannvarslarar, rømningsvegar og slukkeutstyr
  • Oppfølging av arbeidsordre og samarbeid med faggrupper
Eigedomsforvaltning:
  • Representere kommunen som grunneigar
  • Forvaltning av friområde, badeplassar, fiskeplassar og skog
  • Koordinering ved inn- og utflytting av kommunale bustader.
Samhandling:
  • Samarbeid med reinhaldsleiar, driftsleiar for VA og einingsleiar, samt eksterne og interne aktørar frå andre relevante einingar.
  • Kvalifikasjoner

    Vi ser etter deg som har:
    • Relevant fagutdanning innan eigedomsforvaltning, byggdrift, teknisk fagskule eller tilsvarande
    • Erfaring med drift og vedlikehald av bygg og eigedomar
    • God digital kompetanse
    • Erfaring med administrative system er ein fordel
    • Kjennskap til offentleg forvaltning og kommunale prosessar er ein fordel

    Personlege eigenskaper

    • Gode samarbeidsevner og evne til å kommunisere med ulike aktørar
    • Strukturert arbeidsform og evne til å sjå heilskap
    • Initiativrik og løysingsorientert
    • Ansvarsbevisst og sjølvstendig
    • God evne til å planleggje og prioritere
    • Interesse for berekraft og gjenbruk

    Kvifor velgje Åseral?

    • Du får ei nøkkelrolle i utviklinga av kommunen sine bygg og eigedomar
    • Du bidreg til berekraftig ressursbruk og god økonomistyring
    • Du blir del av eit godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
    • Løn etter gjeldane tariff og lokale avtaler
    • Gode pensjonsordningar

    • Vi kan hjelpe til å finne bustad
    • Barnehageplass
    • Gratis SFO

    Kontaktinformasjon

    Dag Ingvar Sandåker, Einingsleiar drift og vedlikehald, 90690845, Dag.Ingvar.Sandaker@aseral.kommune.no

    Arbeidssted

    Bordalsbakken 10
    4540 Åseral

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgiver: Åseral kommune

    Referansenr.: 5056374053
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 29.01.2026

    Om bedriften

    Åseral er ei bygd med eit aktivt kulturliv. Minne kultursenter i Kyrkjebygd romar faste og skiftande utstillingar, bygdemuseum, turistkontor og kafé.
    I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland. 
    Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.

    Sektor

    Offentlig

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    38889f26-c5c2-4663-80ea-21b5ad24be50

    Sist endret

    30. januar 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    0f093e53b80b4e8b8fbb377b5426ab47

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser