Hopp til innhold

Helsefagarbeidar/hjelpepleiar

Arbeidsgiver

Medisin sengepost Lærdal, Helse Førde

Sted

Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar/hjelpepleiar.
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 12. november

Ønskjer du å bu på ein liten stad med store moglegheiter? Ønskjer du å jobbe på eit lite lokalsjukehus og samtidig få stort fagleg utbytte? 

Medisinsk sengepost ved Lærdal sjukehus har ledige 80 % fast stilling for helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar. 

    Stillinga kan ikkje delast. 

    Medisinsk sengepost har 14 senger, inkludert 2 overvakingssenger, og driftar for tida 2 interkommunale senger. Om lag 95 % av innleggingane er augeblikkeleg hjelp, og dei største pasientgruppene er hjarte- og infeksjonspasientar. 

    Lærdal er ein fin stad med store naturopplevingar rett utanfor døra, og gode turmoglegheiter for friluftsliv året rundt. Plasseringa gjer Lærdal til eit naturleg knutepunkt mellom Oslo og Bergen. Sjukehuset har ei eiga personalhytte på Filefjell. I tillegg har Lærdal vestlandets trivlegaste arbeidsplass, nemleg lokalsjukehuset. 

    Meir informasjon om Lærdal kommune finn du her.

    Ønskjer du meir informasjon om stillinga, er du velkomen til å kontakte einingsleiar - sjå kontaktinformasjon i annonsa.  


    Arbeidsoppgåver

    • Pasientrelatert arbeid
    • Dokumentasjon i elektronisk pasientjournal (Meona og Dips)
    • Ta del i oppgåver som ligg til avdelinga
    • Samarbeid i team med andre yrkesgrupper
    • Opplæring og rettleiing av studentar og lærlinger
    • Utføre arbeidsoppgåver delegert av leiar
    • Arbeide i todelt turnus med arbeid kvar tredje helg

    Arbeide etter Helse Førde sine verdiar: Respekt i møte med pasienten, kvalitet i prosess og resultat, og tryggleik for tilgjenge og omsorg.

    Kvalifikasjonar

    • Helsefagarbeidar/hjelpepleiar må ha godkjent norsk autorisasjon
    • Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg 
    • Gode IKT-kunnskapar

    Personlege eigenskapar

    • Du har eit godt fagleg og verdimessig pasientperspektiv
    • Du arbeider godt både sjølvstendig og i team
    • Du trivst i eit aktivt og travelt arbeidsmiljø

    Personlege eigenskapar vil bli vektlagde

    Vi tilbyr

    • God innføring og opplæring i arbeidsoppgåver
    • Fagleg utvikling og moglegheit for vidareutdanning
    • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø
    • Tilgang til personalhytte på Filefjell
    • Hjelp med bustad (opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg)


    Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Marit Fossheim Ottersen, Einingsleiar, (+47) 479 06 594

    Arbeidssted

    Sjukehusvegen 9
    6887 Lærdal

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgiver: Helse Førde

    Referansenr.: 5201923979
    Stillingsprosent: 80%
    Fast
    Søknadsfrist: 12.11.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Marit Fossheim Ottersen

    Einingsleiar

    (+47) 479 06 594

    Om bedriften

    Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

    Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    386cf96b-b2b4-4d91-a13f-9a65b39857ce

    Sist endret

    29. oktober 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    8dd9af2f8ae641d1bfc134962d605736

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser