Er du lege som ikkje har fått turnusplass?
Medisin Lærdal, Helse Førde
Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal
Om jobben
- Oppstart
- 15. februar 2027
- Stillingstittel
- Cand.med.
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 2. desember
Ønskjer du å bu på ein liten stad med store moglegheiter? Ønskjer du å arbeide ved eit lokalsjukehus og få eit stort fagleg utbytte?
Då kan Lærdal sjukehus vere staden for deg!
Vi søkjer deg som tek ansvar, har pasienten i fokus og samarbeider godt med andre. Hos oss får du varierte medisinske utfordringar og eit godt arbeidsmiljø.
Du vil arbeide ved sengepost, delta i visittgang og inngå i vaktordninga. På alle vakter har du tilgang til erfaren overlege.
Lærdal sjukehus er ein del av Helse Førde HF.
Lærdal er ein kommune og eit dalføre i Vestland som strekker seg frå Sognefjord i vest til fylkesgrensa på Filefjell og Hemsedalsfjell i aust. Lærdal ligg innst i Sognefjorden med god kommunikasjon til Oslo og Bergen. Her er fantastisk natur med flott turterreng i nærområdet, sommar som vinter.
Arbeidsoppgåver
- Varierte oppgåver knytt til mottak av pasientar, akutt og planlagd innlegging, oppfølging og utskriving av pasientar på sengepost og poliklinikk
- Stillinga inngår i tredelt plan med arbeid på dag/kveld/natt og arbeid 3. kvar helg.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege med full rekvisjonsrett - Cand.med.
- Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
- Gode IKT kunnskapar
- Kjennskap til DIPS Arena og Meona er ein fordel
- Erfaring frå helsevesenet er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og vere fleksibel
- Tåle tidvis høgt tempo
- Ha pasienten i fokus
Vi tilbyr
- Utviklande arbeid
- Varierte medisinskfaglege problemstillingar
- Godt arbeidsmiljø
- Hjelp med å skaffe bustad
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Personalhytte på Filefjell
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Hrafnhildur Yr Elvarsdottir, Seksjonsleiar Medisinsk seksjon LSH, (+47) 415 30 456Arbeidssted
Sjukehusvegen 96887 LÆRDAL
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5204362298
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 15.02.2027
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 02.12.2026
Kontaktperson for stillingen
Hrafnhildur Yr Elvarsdottir
Seksjonsleiar Medisinsk seksjon LSH
(+47) 415 30 456
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2f1d698b-92b4-4279-a353-f6848ef300d0
- Sist endret
18. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0b3dc62c036b4f18b1814e94335736af