Hopp til innhold

Sommarvikariat - Cand.med./ medisinstudent med lisens

Arbeidsgiver

Medisin Lærdal, Helse Førde

Sted

Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal

Om jobben

Oppstart
14. juni 2027
Stillingstittel
Cand med. eller medisinstudent med lisens
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
3

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 24. november

Ønskjer du å bu på ein liten stad med store moglegheiter? Ønskjer du å arbeide ved eit lokalsjukehus og få stort fagleg utbytte?  
Då kan Lærdal sjukehus vere staden for deg! 

Legegruppa ved medisinsk avdeling på Lærdal sjukehus har behov for sommarvikarar i perioden 14.06.2027-31.08.2027. 

Vi søkjer deg som tek ansvar, har pasienten i fokus og samarbeider godt med andre. Hos oss får du varierte medisinskfaglege utfordringar og høve til å utvikle deg i eit  godt arbeidsmiljø.

Lærdal sjukehus er ein del av Helse Førde.
Du vil få oppgåver knytt til sengepost, visittgang og vaktarbeid på medisinsk sengepost. På alle vakter har du erfaren overlege i bakvakt.

Lærdal er ein kommune og eit dalføre i Vestland som strekker seg frå Sognefjord i vest til fylksegrensa på Filefjell og Hemsedalsfjell i aust. Lærdal ligg inst  i Sognefjorden med gode kommunikasjonar til Oslo og Bergen. Her er fantastisk natur med flott turterreng i nærområdet, sommar som vinter.


Arbeidsoppgåver

  • Varierte oppgåver knytt til mottak av pasientar, både ved akutte og planlagde innleggingar, samt oppfølging og utskriving av pasientar ved sengepost.
  • Stillinga inngår i turnus med arbeid på dag, kveld og natt, samt arbeid på helg etter arbeidsplan
  • Studentar med lisens og cand.med som ventar på autorisasjon, arbeider saman med LIS1, primært på dagtid. 

    Kvalifikasjonar

    • Cand.med. med fullført utdanning og klar for LIS 1-teneste
    • Legestudentar med lisens er også velkomne til å søkje - går ikkje nattevakt. 
    • Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
    • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
    • Gode IKT kunnskapar
    • Kjennskap til DIPS Arena og Meona er ein fordel
    • Erfaring frå helsevesenet er ein fordel

    Personlege eigenskapar

    • Ha gode samarbeidsevner og vere fleksibel
    • Tåle tidvis høgt tempo
    • Ha pasienten i fokus

    Vi tilbyr

    • Utviklande arbeid
    • Godt arbeidsmiljø
    • Varierte medisinskfaglege problemstillingar
    • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
    • Hjelp med å skaffe bustad
    • Personalhytta på Filefjell

     

    Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Hrafnhildur Yr Elvarsdottir, Seksjonsleiar medisinsk seksjon LSH, (+47() 415 30 456

    Arbeidssted

    Sjukehusvegen 9
    6887 LÆRDAL

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgiver: Helse Førde

    Referansenr.: 5201299327
    Stillingsprosent: 100%
    Vikariat
    Startdato: 14.06.2027
    Sluttdato: 22.08.2027
    Søknadsfrist: 24.11.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Hrafnhildur Yr Elvarsdottir

    Seksjonsleiar medisinsk seksjon LSH

    (+47() 415 30 456

    Om bedriften

    Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

    Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    b053241b-c60d-491f-a1ff-2815d140521a

    Sist endret

    9. november 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    84f3787454e64fc094868d24f0c19fd7

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser