Hopp til innhold

Ferievikar

Arbeidsgiver

Hareid kommune, Bu og habilitering - Reina

Sted

Teigevegen 55, 6060 Hareid

Om jobben

Stillingstittel
Ferievikar
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 11. mars

Har du lyst på ein spanande og meiningsfull somarjobb i bu og habilitering?

Vi ser etter deg som har fylt 18 år og vil vere ferievikar i perioden 15. juni til 16. august. Har du fagkompetanse eller erfaring frå arbeid innan helse og omsorg? Eller kanskje ønskjer du å prøve ut om dette arbeidet passar deg?

Er du miljøterapeut, miljøarbeidar, sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, pleiemedarbeidar, student eller vil arbeide  som pleiemedarbeidar/assistent? Søk då vel!


Arbeidsoppgåver

  • gi brukarane våre gode opplevingar
  • hjelpe til med daglege gjeremål av fagleg og praktisk karakter
  • føre journal

Du kan få andre utfordrande, varierte og interessante arbeidsoppgåver.

Vi ber om at du skriv i søknaden kva stilingsstørrelse du ønskjer, og kva tidsrom du kan arbeide i. Vi vil prioritere deg som kan arbeide i juli og august månad.

Kvalifikasjonar

Du må vere over 18 år, glad i å samarbeide og det å arbeide tett på menneske. Du kommuniserer godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Vi vil at du har god omsorgskompetanse, og gjerne relevant erfaring.

Før du kan starte i arbeid må du levere godkjent politiattest av ny dato.

Personlege eigenskapar

Vi legg vekt på at du er positiv, arbeidsglad, sjølvstendig og ansvarsbevisst. Du samarbeidar godt, og skaper gode relasjonar til menneske kring deg. Du arbeidar sjølvstendig med blikk på gode tjenester til brukarane våre, og samarbeide godt med kollegaer og andre einingar.

Vi tilbyr

Du får jobbe i eit godt fagmiljø blant brukarar og gode kollegaer. Arbeidstida er i turnus, dag/kveld og/eller natt. Vi ønskjer god kontinuitet både for brukarar og tilsette i ferieavviklinga, og håpar du kan arbeide store delar av sommaren. Dersom du er kjend vikar hos oss og jobbar 80% og annakvar helg i meir enn fire veker, vil du få moglegheit til å inngå avtale om bonus på kr 3000 per ekstra veke du jobbar.

Studentar i relevant studieløp får løn etter kommunens eiga lønsplassering. 

Tilsetting skjer på vanleg kommunale vilkår.

Alle må søkje digitalt. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar til søknaden din. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga. 

 

Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Jf. Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. Du blir kontakta i forkant.

Kontaktinformasjon

Lisa Johnsen, 41415308
Cesilie Sundgot, Einingsleiar, +47 45449231

Arbeidsstad

Teigevegen 55
6060 HAREID

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Hareid kommune

Referansenr.: 5076330462
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 11.03.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Cesilie Sundgot

Einingsleiar

+47 45449231

Lisa Johnsen

41415308

Om bedriften

GODE TENESTER - GLADE TILSETTE

Hareid kommune har omlag 5300 innbyggarar, og 500 tilsette. 

Våre tilsette er kommunens viktigaste ressurs. Kvaliteten på tenesteytinga er avhengig av kompetanse, og i kva grad vi har vilje og motivasjon. Innbyggjarane i Hareid er utgangspunktet for service- og tenesteytinga vår. 

Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Alle søkjarar blir førte opp på offentleg søkjarliste. Du kan søkje om anonymitet. Det må liggje føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova § 25.

Gyldig politiattest av ny dato legg du fram til stillingar der dette er eit krav.

Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden din. Du lastar opp dokumenta til søknaden din i Webcruiter.

Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.

Jobbe hjå oss - Hareid kommune

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

385044fa-b8b8-4066-aa60-91b706d20522

Sist endret

13. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

a324227be17a409f9cbfa3e13cb24b39

Lignende annonser