Helsefagarbeidar/barne- og ungdomsarbeidar
Tilrettelagde tenester, Kviteseid kommune
Lundenvegen 18, 3850 Kviteseid
Om jobben
- Oppstart
- 24. august 2026
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar/barne- og ungdomsarbeidar
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Arbeidstid
- Turnus, natt
Søk på jobben
Søk senest fredag 12. juni
Lundenjordet er eit bufellesskap for menneske med funksjonsvariasjonar. Lundenjordet består av 13 faste bustader og 1 avlastningsbustad for born i alderen 3-18 år. No har me ledig ei nattevaktstilling i avlastninga for born kvar 4. helg.
Me søkjer derfor etter ein helsefagarbeidar eller barne-og ungdomsarbidar til 14,08 % fast helgestilling på natt i avlastningsbustaden. Stillinga er foreløpig med arbeid kvar 4. helg som våken nattevakt. Oppstart i stillinga vil være 24. august 2026. Stillinga let seg kombinere med andre stillingar i kommunen.
Arbeidsoppgåver
- Praktisk bistand, pleie, stell og tilsyn av bornet gjennom heile natta
- Skape ei trygg og god natt for bornet
- Dokumentere i fagsystem
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar/norsk autorisasjon som hjelpepleiar
- Ynskje om relevant vidareutdanning retta mot menneske med utviklingshemming
- Ynskje om erfaring frå arbeid med born med utviklingshemming
- Førarkort kl. B
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Har gode kommunikasjons og samarbeidsevner
- Har evne til å ta ansvar, vere sjølvstendig og trygg i tenesterolla
- Er fleksibel, strukturert og løysingsorientert
- Vil halde deg fagleg oppdatert
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Kommunen legg vekt på psykososialt arbeidsmiljø, samarbeidsevner og mellommenneskelege arbeidstilhøve.
Vi tilbyr
- Godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Spanande og omfattande faglege utfordringar
- Løn etter gjeldande avtale
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månadar.
Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.
Kontaktinformasjon
Unni Elisabeth Øygarden, Einingsleiar Tilrettelagde tenester, +47 90251683, unni.oygarden@kviteseid.kommune.no
Arbeidsstad
Lundenvegen 18
3850 Kviteseid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kviteseid kommune
Referansenr.: 5118882144
Stillingsprosent: 14,08%
Fast
Startdato: 24.08.2026
Søknadsfrist: 12.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Unni Elisabeth Øygarden
Einingsleiar Tilrettelagde tenester
+47 90251683
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
383bccd6-c5da-4859-9330-8d7c506e422b
- Sist endret
28. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
980f5cb6124d4fa39e9c77b005480632