Vil du drive Poden & Boden i Sogndal?
Poden Sogndal As
Hovevegen 6, 6856 Sogndal
Om jobben
- Oppstart
- Etter avtale
- Stillingstittel
- Daglig leder
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager og lørdag
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. juni
For å trivast i jobben må du vere strukturert, sjølvgåande og ha god gjennomføringsevne. Du må vere glad i å prate med folk og vere innstilt på å hjelpe kundane med stort og smått. Butikkerfaring kjem godt med i jobben, men er ingen krav.
Den viktigaste oppgåva er å sørge for at drifta går bra. At det er folk på jobb i opningstidene, at kundane er fornøgde og dei tilsette er fornøgde.
Poden & Boden er ein moderne gjenbruksbutikk som har som mål å gjere gjenbruk inspirerande og like tilgjengeleg som nytt. Vi er opptatt av å ha fine og ryddige lokale og å inspirere gjennom sosiale medium. Det er viktig at den nye drivaren ser verdien av dette. Ellers vil du har stor grad av friheit i stillinga, så lenge det er i tråd med verdiane våre. Grønt er skjønt, og så vidare <3
Poden & Boden er ei gründerbedrift i vekst og ting skjer fort. Vi ønsker ein drivar som kjem med eigne idear, finpussar rutinane og tek eigarskap til butikken.
Blei du gira? Skriv ein liten tekst eller videosnutt om deg sjølv og send til marie@podenogboden.no innan 7. juni.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Poden & Boden vil gjere gjenbruk inspirerande og tilgjengeleg for fleire 🌟
Hos oss kan kundane både kjøpe og selje sine eigne varer. Gjennom nettsida vår kan kundane booke seg ei bod og prise varene sjølv, og så sel vi dei gjennom våre fysiske butikkar.
I dag kan du handle hos Poden & Boden i Førde og i Sogndal, og fleire lokasjonar er på veg. Vi trur på ingen måte at vi er løysinga aleine. Men vi trur at vi kan vere med å dra i riktig retning ved å gjere gjenbruk inspirerande, enkelt og nært.
Vi trur på å skape butikkar der du får lyst til å handle brukt. Ikkje av plikt, men fordi det er kult, innbydande og fullt av moglegheiter.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
374052dd-0f82-464b-be7f-5571701784c6
- Sist endret
26. mai 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
374052dd-0f82-464b-be7f-5571701784c6