Leiar for frivilligsentralen på Årdalstangen
Årdal kommune Årdal kommune
Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 10. juli
Årdal kommune søkjer ein engasjert og initiativrik medarbeidar til ei fast og variert 100 % stilling som leiar for frivilligsentralen på Årdalstangen.
Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer å gjere ein forskjell i lokalsamfunnet. Du vil ha ei sentral rolle i å bygge fellesskap, skape aktivitet og bidra til trivsel for både unge og vaksne.
Du får ein jobb med meining og stor påverknad der ingen dagar er like. Du får forme rolla di sjølv og du blir ein nøkkelperson i lokalsamfunnet.
Dette vil du jobbe med:
- rekruttere, koordinere og følgje opp frivillige og bidra til å styrkje frivillig engasjement i lokalsamfunnet
- utvikle og legge til rette for aktivitetar og møteplassar
- samarbeide med lag, foreiningar, næringsliv og kommunen
- bidra til eit inkluderande og positivt miljø for ungdom
- synleggjere aktivitetar gjennom bruk av sosiale medium
- ha eit særskildt fokus på frivilligheit inn mot omsorgstenesta i kommunen
- søknads- og rapporteringsarbeid
- økonomi- og budsjettansvar
Kven er du?
- du likar folk – og folk likar deg
- du tek initiativ og får ting til å skje
- du er like komfortabel med ungdom som med vaksne og eldre
- du ser moglegheiter der andre ser «det går ikkje»
- du er strukturert nok til å få oversikt – og fleksibel nok til å snu deg rundt
- er ein god relasjons og nettverksbyggjar
- kommuniserer godt, både munnleg og skriftleg
- du har kjennskap til og erfaring frå frivillig sektor
Kva treng du?
- relevant utdanning er fint – men erfaring og engasjement veg og tungt og kan erstatte manglande formell utdanning
- du må ha god digital kompetanse
- du må kunne jobbe ettermiddag/kveld
- førarkort
- plettfri politiattest er eit krav
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Me tilbyr
- ei spennande og meiningsfull stilling med stor variasjon i arbeidsoppgåver
- moglegheit til å forme eigen arbeidskvardag
- eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- løn etter avtale og gode personal og pensjonsordningar
- tilgang til bedriftshytte på Skeikampen
Velkommen som søkjar til Årdal kommune!
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c32bb0df-577c-49df-9ef6-3fee2993fd91
- Sist endret
19. juni 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3638799_226795_nn