Hopp til innhold

Sommarvikariat - pleieassistentar ved somatiske avdelingar

Arbeidsgiver

Helse Bergen HF, 

Sted

Haukelandsveien 22, 5009 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Sommarvikariat for pleieassistentar 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
27
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest i morgen

Sommarvikariat for studentar i helsefag

Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar kvar dag for å fremje helse og livskvalitet – og i sommar treng vi dyktige og engasjerte medarbeidarar til fleire av våre somatiske einingar.

Vi søker studentar som er under helsefagleg utdanning og som ønskjer verdifull praksiserfaring i eit spennande og lærerikt sjukehusmiljø.


Arbeidsperiode
Du må kunne jobbe i perioden veke 25–33 (34).
Søkarar som kan arbeide sammanhengande i minimum 6–8 veker vil bli prioritert.

Det er ledige vikariat ved desse avdelingane:


🔎 Vil du vite meir?
Du kan lese meir om dei ulike avdelingane ved å klikke på avdelingsnamna på vår nettside:
👉 www.helse-bergen.no/avdelingar www.helse-bergen.no/avdelingar


Arbeidsoppgåver

Som sommarvikar hos oss vil du få ein viktig rolle i avdelinga. Arbeidsoppgåvene dine vil blant anna vere å:

  • Delta aktivt i den daglege drifta på avdelinga
  • Bidra i tverrfagleg samarbeid for å gi pasientar og pårørande eit trygt og godt opphald
  • Utføre pleie- og omsorgsoppgåver i tråd med gjeldande rutinar og faglege retningslinjer

Kvalifikasjonar

Du må:

  • Vere under helsefagleg utdanning
  • Ha relevant pleieerfaring – erfaring frå sjukehus er ein fordel
  • Ha minimum 400 timar pleieerfaring for arbeid ved somatiske einingar
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare

    Personlege eigenskapar

    Vi ser etter deg som:

    • Er opptatt av å gi pasientane tryggleik, god pleie, respekt og omsorg
    • Har ein solid arbeidsmoral og er fagleg engasjert
    • Bidreg positivt i arbeidsmiljøet med samarbeidsevner og godt humør
    • Er personleg eigna for stillinga

    Vi tilbyr deg:

    • God introduksjon og opplæringsdagar, slik at du får ei trygg og god start i avdelinga
    • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
     

    Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Linda Røthe Ystanes, Rådgivar, +47 92292668

    Arbeidsstad

    Haukelandsveien 22
    5009 Bergen

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

    Referansenr.: 5068917819
    Stillingsprosent: 100%
    Vikariat
    Søknadsfrist: 15.02.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Linda Røthe Ystanes

    Rådgivar

    +47 92292668

    Om bedriften

    Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
    Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    363b9bc5-3272-44b9-a5d2-9eb06c87bca7

    Sist endret

    28. januar 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    9102cd723978404db551c677d4a1510f

    Lignende annonser