Hopp til innhold

Fagarbeidar med hjarte for enkeltbarn? Sjå her!

Arbeidsgiver

Voss herad Gjernes barnehage

Sted

Gjernesmoen 2, 5700 Voss

Om jobben

Stillingstittel
Fagarbeidar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 31. mai

Er du barne- og ungdomsarbeidar og har erfaring med arbeid med enkeltbarn? Då søkjer Gjernes barnehage deg!
Har du erfaring med å jobbe tett på enkeltbarn og ønskjer å bidra til eit trygt og inkluderande barnehagemiljø? Då ynskjer me gjerne at du søkjer!
Gjernes barnehage har ledig to mellombelse fagarbeidarstillingar, samla stillingsprosent 100–150 % for barnehageåret 2026–2027. Fordeling av stillingsstorleik blir avtalt etter behov. Stillingane er mellombelse og vert lyst ut med atterhald om vidareføring av vedtak.

Om Gjernes barnehage:

Gjernes barnehage er ein kommunal barnehage som ligg på Gjernes, i nærleiken av Voss sentrum. Næraste nabo til barnehagen er Gjernes skule og Gjernesmoen.
Totalt er det plass til 32 barn i Gjernes barnehage, fordelt på avdelingane "Ekorn" og "Hare". Ein av grunnsteinane i Gjernes barnehage er at alle born skal bli sett og møtt på ein annerkjennande måte kvar dag. Me er opptekne av leik, utforsking og læring gjennom heile året, både i barnehagen og ute på tur. I sommarhalvåret går me gjerne på tur, helsar på dyr på beite, endene ved Tintrabrua eller plukkar bør. Om vinteren sklir me på akebrett eller går på ski. Borna skal oppleva trygge omsorgspersonar som legg til rette for meistring og utforskarlyst.

Voss herad tilbyr:
  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)

Kvalifikasjonskrav:
  • Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget.
  • Andre søkjarar med relevant erfaring vil også bli vurdert.
Arbeidsoppgåver:
  • Planlegga og gjennomføra leikar og aktivitetar
  • Følgje opp enkeltbarn på avdelinga
  • Samarbeid med ulike instansar
  • Delta ved daglege gjeremål som måltid, påkleding og stell
  • Vera ein god og varm vaksen og bidra til at born får rike og varierte opplevingar, erfaringar og utfordringar i barnehagen
Me ynskjer at
  • Du er ein tydleg vaksenperson med gode evner til å gje omsorg
  • Du har erfaring med å arbeide med enkeltbarn
  • Du har fokus på det beste for barna, er samarbeidsvillig og kan jobba sjølvstendig
  • Du skapar gode og nære relasjonar med barn, foreldre og tilsette
  • Du er utviklingsorientert, engasjert, fleksibel, og løysingsorientert
  • Du er blid, omgjengeleg og ein god lagspelar
  • Du forstår og snakkar godt norsk

Menn blir oppmoda om å søkja

Godkjent politiattest må leggjast fram ved oppstart Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver venleg og legg ved vitnemål og attestar i søknaden

Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Elizabeth Gjerstad

Elizabeth.Gjerstad@voss.herad.no

Om bedriften

Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3623faf1-abec-4f46-996d-eb3796da9e0f

Sist endret

13. mai 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3625243_212651_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser