Jurist
Mattilsynet
0187 Oslo, 1400 Ski, 4319 Sandnes, 4608 Kristiansand S, 7600 Levanger
Om jobben
- Stillingstittel
- Jurist
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest onsdag 4. februar
Kjenner du at det begynner å rykke litt i paragraf-foten når vi snakkar om å utvikle framtidas forvalting?
Då kan det vere deg vi ser etter! I avdeling innovasjon, metode og analyse i tilsynsdivisjonen planter, fôr og drikkevatn skal vi styrke laget med deg som vil bruke jussen til å gjere oss enda betre. Den ideelle kandidaten skal jobbe for at vi løyser samfunnsoppdraget vårt med tydeleg retning og høg juridisk kvalitet. Rett før sommaren gjekk vi frå regional organisering til nasjonale tilsynsdivisjonar. Det gjorde vi for å løyse samfunnsoppdraget vårt på ein enda betre måte – og for å vere meir brukarorienterte, betre førebudde og for å forbetre samarbeidet med interessentane våre. I alt dette er god forvaltingspraksis og juridisk kompetanse heilt avgjerande, og her speler du ei nøkkelrolle.
Vi trur at du ikkje alltid slår deg til ro med «sånn har vi alltid gjort det». Kanskje likar du å stille spørsmål ved gamle rutinar, utforske handlingsrommet i regelverket eller teste ut nye måtar å jobbe på. Hos oss får du gjere akkurat det, for å bidra til å løfte kvaliteten i alt vi gjer, frå saksbehandling og rettleiing til informasjonssikkerheit og tilsyn. Tempoet hos oss er høgt og ambisjonane store, derfor ser vi etter deg som er nysgjerrig, engasjert og kanskje litt utolmodig – ein som likar å finne ut av ting, prøver ut nye løysingar og lærer undervegs. I utviklingsarbeid blir ikkje alt perfekt på første forsøk, og det er heilt greitt. Når noko ikkje fungerer som planlagt, ser du det som ei moglegheit til å lære og til å prøve igjen med ei litt anna tilnærming.
Arbeidsstad er i utgangspunktet ved ein av desse kontorstadene i Mattilsynet: Ski, Oslo, Sandnes, Kristiansand eller Levanger. Andre kontorstader i Mattilsynet kan òg vere aktuelle etter nærare avtale.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonskrav
Du må ha
Det er ein fordel om du òg har
For denne rolla må du kunne bli tryggleiksklarert på nivå HEMMELEG/NATO SECRET. Les meir her: https://nsm.no/fagomrader/personellsikkerhet/sikkerhetsklarering/slik-blir-du-sikkerhetsklarert/
Personlege eigenskapar
Vi vil legge stor vekt på dei personlege eigenskapane
Vi tilbyr
Kontaktinformasjon: Ta gjerne kontakt med avdelingleiar Øyvind Barkald Aas på tlf. 924 38 277, om du har spørsmål om stillinga.
Slik søkjer du
Vi tek berre imot elektroniske søknader. Vi ber om at du lastar opp vitnemål via Vitnemålsportalen. Dette sikrar ei enkel og sikker overføring av dokumenta dine. For meir informasjon om korleis du bruker Vitnemålsportalen, besøk vitnemålsportalen.no. Søkarar som ikkje har høve til det, legg inn attestar og vitnemål som vedlegg til søknaden.
Vår visjon er at vi saman tryggjer framtida for menneske, dyr og natur. For å lukkast med dette, er vi i gang med ei omfattande utvikling av organisasjonen. Dette handlar om korleis vi arbeider saman og korleis vi utviklar løysingar med vekt på behova til brukarane våre. Vi er 1 200 kollegaer med kompetanse på tvers av mange fagfelt, som til dømes veterinærfaget, næringsmiddelproduksjon, biologi, utvikling, juss og forvaltning. Det gler oss at vi har klatra på omdømemålingar i offentleg sektor, fordi vi er avhengige av tillit og arbeider hardt for å bli oppfatta som ein hjelpar. Vi er til stades i heile landet, og utviklar oss kontinuerleg. Mattilsynet rapporterer til Landbruks- og matdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Les meir på mattilsynet.no.
Inkludering og mangfald er ei styrke for Mattilsynet. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene på ein endå betre måte. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en og/eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg til å krysse av for dette når du søkjer jobb hos oss. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar i kvar gruppe til intervju. Får du jobben, legg vi til rette for deg dersom du treng det. Vi bruker berre avkryssingane til å velje ut rette kandidatar og til anonymisert statistikk.

- varierte juridiske oppgåver innanfor ansvarsområda til divisjonen
- internopplæring, rettileiing og tolking av regelverk, særleg forvaltingslova, offentleglova, tryggingslova, plan- og bygningslova, matlova og EØS-regelverk innanfor ansvaret til divisjonen
- juridisk rådgiving i konkrete saker, særleg i samband med bruk av inngripande verkemiddel
- bidra til at Mattilsynets forvaltingsarbeid er korrekt, effektivt og brukarretta
- utforske handlingsrommet og vidareutvikle regelverk og praksis og bidra til at vi bruker handlingsrommet vårt best mogleg
- utarbeide faglege rettleiarar, malar og rutinar
- samle, analysere og dele erfaringar frå sakshandsaming og klagesaker for å forbetre dagens praksis
- bidra i utviklingsarbeid og samarbeid på tvers av fagmiljø og nivå
Kvalifikasjonskrav
Du må ha
- juridisk embetseksamen / master i rettsvitskap
- svært god forståing for forvaltingsrett og offentleg sakshandsaming
- svært god skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk
- relevant erfaring frå offentleg forvalting
Det er ein fordel om du òg har
- erfaring med informasjonstryggleik og personvern
- erfaring med EU-/EØS-rett
For denne rolla må du kunne bli tryggleiksklarert på nivå HEMMELEG/NATO SECRET. Les meir her: https://nsm.no/fagomrader/personellsikkerhet/sikkerhetsklarering/slik-blir-du-sikkerhetsklarert/
Personlege eigenskapar
- du er analytisk, strukturert og har god heilskapsforståing
- du er nysgjerrig, initiativrik og trivst med å utfordre etablerte måtar å jobbe på
- du har høg integritet og evne til å formidle juridiske vurderingar på ein tilgjengeleg og forståeleg måte
- du er opptatt av læring, samarbeid og å gjere andre gode
- du har eit brukarorientert tankesett og ønsker å gjere regelverk enklare å forstå og bruke
- du bidreg til eit godt arbeidsmiljø og veit kor viktig samarbeid er for å løyse samfunnsoppdraget vårt
Vi vil legge stor vekt på dei personlege eigenskapane
Vi tilbyr
- Fast stilling som rådgivar (1434) eller seniorrådgivar (1364) med lønn etter avtale, avhengig av utdanning, erfaring og kompetanse. For tida frå 650 000 til 900 000 kroner. For særleg kvalifiserte kandidatar kan vi vurdere noko høgare lønn.
- Ei spennande rolle der du kan påverke korleis vi løyser eit viktig samfunnsoppdrag
- Eit godt og inspirerande arbeidsmiljø med dyktige og hyggelege kollegaer
- Gode arbeidstidsordningar (fleksibel arbeidstid, sommartid) og moglegheit for inntil to dagar heimekontor i veka
- Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon: Ta gjerne kontakt med avdelingleiar Øyvind Barkald Aas på tlf. 924 38 277, om du har spørsmål om stillinga.
Slik søkjer du
Vi tek berre imot elektroniske søknader. Vi ber om at du lastar opp vitnemål via Vitnemålsportalen. Dette sikrar ei enkel og sikker overføring av dokumenta dine. For meir informasjon om korleis du bruker Vitnemålsportalen, besøk vitnemålsportalen.no. Søkarar som ikkje har høve til det, legg inn attestar og vitnemål som vedlegg til søknaden.
Vår visjon er at vi saman tryggjer framtida for menneske, dyr og natur. For å lukkast med dette, er vi i gang med ei omfattande utvikling av organisasjonen. Dette handlar om korleis vi arbeider saman og korleis vi utviklar løysingar med vekt på behova til brukarane våre. Vi er 1 200 kollegaer med kompetanse på tvers av mange fagfelt, som til dømes veterinærfaget, næringsmiddelproduksjon, biologi, utvikling, juss og forvaltning. Det gler oss at vi har klatra på omdømemålingar i offentleg sektor, fordi vi er avhengige av tillit og arbeider hardt for å bli oppfatta som ein hjelpar. Vi er til stades i heile landet, og utviklar oss kontinuerleg. Mattilsynet rapporterer til Landbruks- og matdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Les meir på mattilsynet.no.
Inkludering og mangfald er ei styrke for Mattilsynet. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene på ein endå betre måte. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en og/eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg til å krysse av for dette når du søkjer jobb hos oss. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar i kvar gruppe til intervju. Får du jobben, legg vi til rette for deg dersom du treng det. Vi bruker berre avkryssingane til å velje ut rette kandidatar og til anonymisert statistikk.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
36234410-38a0-48cb-9f64-bdb9ec64842a
- Sist endret
20. januar 2026
- Hentet fra
sap
- Referanse
578 04.02.2026
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Sted
Oslo
Arbeidsgiver
Seksjon for rettsavklaring, Nav
Sted
Oslo
Jurist-Seniorrådgiver / rådgiver
Arbeidsgiver
Juridisk avdeling, Arbeids- og velferdsdirektoratet
Sted
Oslo